Heim Nyhende Nynorsk vaksenopplæring i Sogndal

Nynorsk vaksenopplæring i Sogndal

– Me går frå å vera ein bokmålsskule, til å verta ein nynorskskule, seier rektor Knut Ole Myren ved vaksenopplæringa i Sogndal.

Tysdag hadde den rykande ferske nynorskgruppa sin første time, skriv Sogn Avis. 

– Me tek nybyrjarane først. Det vart for voldsomt å ta alle i eitt jafs, men planen er at bokmål gradvis skal fasast ut og nynorsken ta over, seier rektoren.

Dei som ynskjer det vil framleis få tilbod om nynorsk, men erfaringar frå Førde og Gloppen tilseier at det stadig blir færre av dei som vil ha bokmål. 

Les også: Nynorsk pluss – litt til…

For sogndalordførar Jarle Aarvoll er dette gode nyhende, og meiner det vil vere ein styrke for denne gruppa å få undervisning på nynorsk. 

– Med sognamaol vil du kome deg heilt til Konstantinopel. Då vil du òg koma langt med nynorsk, seier Aarvoll til Sogn Avis.

Lærarane er derimot meir skeptiske, dei er ikkje minst uroa over mangelen på undervisningsmateriell på nynorsk. 

– Me skal undervisa både analfabetet og professoren. Det er ikkje det mangfaldet å ta av på nynorsk, som på bokmål, seier lærar Kirsti Loftesnes.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...