Heim Nyhende Litteraturpris til Jan Roar Leikvoll

Litteraturpris til Jan Roar Leikvoll

Jan Roar Leikvoll er tildelt Stig Sæterbakkens minnepris.

Juryen kallar Leikvolls tre bøker Eit vintereventyr (2008), Fiolinane (2010) og Bovara (2012) “ eit nødvendig humanistisk prosjekt.” Og vidare:

– Hans foreløpige forfattarskap er eit av dei mest gjennomførte og unike prosjekta i norsk samtidslitteratur. Det er med stor spenning me ser frem til årets utgiving, Songfuglen, og Jan Roar Leikvolls vidare forfatterskap.

– Sidan han vart fødd, har Jakoba levd som ei jente. Han har vakse opp hos mor og tante i ein by der det berre bur kvinner. No er han i ferd med å bli ein ung mann, og han får kjensler for ei jente. Det blir stadig vanskelegare å halde løyndommen skjult, men kanskje talentet kan redde han: Ingen syng så vakkert som Jakoba, og han begynner i lære hos den beste songlærarinna i byen. Samstundes, på andre sida av juvet, djupt inne i skogen, truar brøla frå mennene, skriv juryen om den komande boka Songfulen. 

Stig Sæterbakkens minnepris vert delt ut årleg. Prisen på kr.100.000 går til ein forfattar med overbevisande litterære kvalitetar, originalitet og mot til å skape sine eigne prosjekt, og forfattaren bør ha gitt ut mellom 2-4 skjønnlitterære bøker. I juryen sit : Ane Nydal (kritiker), Markus Midré (forfatter) og Nina Ewart (bibliotekar)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...