Heim Nyhende Vil nynorsken tape i ei kommunesamanslåing?

Vil nynorsken tape i ei kommunesamanslåing?

Noregs Mållag fryktar at nynorsken kan tape når ein nynorskkommune slår seg saman med ein bokmålskommune. Det er ikkje Bent Høie (H) samd i . 

 

– I mange tilfelle vil nynorskbrukarane i ei stor kommunesamanslåingsreform koma i mindretal. Dette er noko som uroar oss, seier Marit Aakre Tennø, som er leiar i Noregs Mållag. 

Når fem av sju parti på Stortinget ønsker seg færre kommunar, tyder mykje på at nynorskkommunar kjem til å slå seg saman med kommunar som er språknøytrale, eller som har bokmål som administrasjonsspråk, skriv NRK Rogaland. 

– I mange tilfelle vil nynorskbrukarane i ei stor kommunesamanslåingsreform koma i mindretal. Dette er noko som uroar oss, seier Marit Aakre Tennø, som er leiar i Noregs Mållag.

Ho meiner at det derfor er svært viktig at politikarane som argumenterer for kommunesamanslåing, også har ein plan for korleis ein skal bevara eit språkleg mangfald.

 

– Språkproblematikken har ikkje blitt nemnt med eit ord i debatten om kommunesamanslåing. Det kan virka som om ingen har tenkt tanken, seier Aakre Tennø, til NRK Rogaland. 

Bent Høie er listetopp for Høgre i Rogaland, eitt av fire fylke i landet som har eit fleirtal av nynorskkommunar.

– Det viktigaste for kommunane er å gi innbyggarane eit godt tenestetilbod innan skule, helse og kommunal infrastruktur. Ikkje å vera eit språkområde, seier Høie, til NRK Rogaland. 

Aakre Tennø understrekar at Noregs Mållag verken er for eller mot kommunesamanslåing, men meiner at ein må sjå på kva som kan bli dei språklege konsekvensane av ei samanslåing. 

– Dersom ein finskspråkleg kommune skal slåast saman med ein svenskspråkleg kommune i Finland, og dette fører til at det svenskspråklege folket kjem i stort mindretal, fell føresetnaden for kommunesamanslåing bort etter lov. Dette sidan den svensktalande delen si stilling blir svekka, seier ho.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...