Heim Nyhende Ingunn Solheim får Kringkastingsprisen

Ingunn Solheim får Kringkastingsprisen

Kringkastingsringen delte i dag ut Kringkastingsprisen til politisk journalist i NRK Ingunn Solheim.

Ingunn Solheim er fødd i 1980 og kjem opphavleg frå Førde i Sogn og Fjordane. Ho har arbeidd fire år som politisk journalist i NRK og har også erfaring frå mellom anna TV2 Nyhetskanalen, Kanal 24 og Dagens Næringsliv.

– Ingunn Solheim er ein god representant for nynorsk i fjernsynet. Ho brukar ein normalisert nynorsk og har ein klår uttrykksmåte som gjer henne lett å forstå for alle. I haust har ho særleg utmerka seg i NRK 1 sine valsendingar. Solheim er alltid vel førebudd. Ho stiller klåre spørsmål og er ikkje redd for å gå tett på dei ho intervjuer. Ho tar også med seg nynorsken på Twitter, der følgjarane får jamlege oppdateringar frå arbeidet med valdekkinga i NRK, skriv juryen. 

Dei legg også vekt på at Solheim er ein dyktig journalist med solid fagkompetanse, og har dekt krevjande og mykje sette saker for NRK. Ho har vore inne som nyhendeopplesar på Dagsrevyen, også der med klår og overbevisande språkbruk. Ho brukte også nynorsk då ho tidlegare var tilsett i TV2 Nyhetskanalen og i Kanal 24, og kan slik vise til konsekvent bruk av nynorsk over mange år. 

– Det var utruleg kjekt å få høyre at eg har eit klart og forståeleg språk. Det er det eg i min jobb skal bruke språket til. Det har aldri vore noko alternativ til det å bruke nynorsk for meg. Eg trur språket heile tida må utvikle seg for å bli likt, forstått og brukt. Eg sender ein stor takk til NRK der det både blir sett stor pris på nynorsken og blir gjort eit målretta arbeid for å fram språket. Der er vi som nynorskbrukarar priviligerte, seier prisvinnaren sjølv. 

Kringkastingsprisen blir kvart år delt ut til ei røyst i eteren som utmerkar seg med godt språk i radio eller fjernsyn og som på ein framifrå måte bruker nynorsk eller dialekt i det daglege arbeidet. Prisen er eit vakkert grafisk blad av kunstnaren Per Kleiva.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...