Heim Nyhende – Me treng mållova

– Me treng mållova

Det opprører folk at statstilsette ikkje kan skriva på det språket dei vil når dei er på arbeid, og at publikum må lesa twittermeldingar på eit anna språk enn det dei sjølve nyttar. Men slik er det altså i Staten. Slik er det å leva med ei mållov, skriv  Marit Aakre Tennø, leiar i Noregs Mållag.

 

Språkrådet har vurdert mållova og har konkludert med at Hordaland politidistrikt skal twitra på nynorsk. Det nye er at mållova òg skal gjelda på Twitter. Det har ført til reaksjonar, skriv Aakre Tennø i ei pressemelding.

– Somme trur at me ikkje treng mållova, språka våre vil blomstra fritt av seg sjølve. Slik er det ikkje. På ein fri språkmarknad gjeld dei same mekanismane som på andre frie marknader. Den største vinn over dei mindre. Når nynorskbrukarane hamnar i mindretal, vert det vanskelegare å halda på språket sitt. Mållova skal forsøka å vega opp for slike mekanismar.

Ho legg vekt på at Noreg til liks med mange statar i Europa er ein fleirspråkleg stat, og at ein fleirspråkleg stat ikkje kan opptre språkleg nøytralt.

– Kvart einaste ord staten skriv, krev eit språkval. Vel ein eitt, vel ein vekk eit anna. Staten, kommunar, fylkeskommunar og alle statlege etatar skal ikkje berre fakka tjuvar, handsama søknader og byggja vegar. Dei skal òg passa på språka våre. Det gjer staten ved å vera ein aktiv og medviten språkbrukar og språkopplærar. Å bruka eit språk er den viktigaste måten å fremja og verna eit språk på. I Noreg gjeld det nynorsk, I Spania gjeld det katalansk og baskisk, i Wales walisisk. I internasjonal samanheng er mållova på ingen måte unik.

Mållova gjeld berre i det offentlege. Det er til dømes forbode å nytta nynorsk i VG, Dagbladet, Aftenposten og Dagens Næringsliv. Hjå nokre av dei viktigaste skriftprodusentane våre finst altså ikkje nynorsk. Her får bokmålet rå åleine. Fordi dei tilsette ikkje får skriva det språket dei vil på arbeid. Sjefredaktøren avgjer språkvalet deira. Konsekvensen blir deretter, meiner Aakre Tennø.

– Mållova finst for å ta vare på det språklege mangfaldet i Noreg. Mållova er viktig for at alle i Noreg skal kunna sjå nynorsk i ålmenta. Det medfører at nokre twitrande politifolk i Bergen må skriva nynorsk.  Det er ingen skandale. Det vitnar berre om ein medviten stat.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...