Heim Nyhende Ordføraropprop overlevert justisministeren

Ordføraropprop overlevert justisministeren

På vel éi veke er det samla inn 150 ordførarunderskrifter for eit lokalt forankra nærpoliti. Måndag vart oppropet overlevert justisminister Anders Anundsen (Frp).

 

Bakgrunnen for fellesoppropet til Stortinget er politianalysen, der det mellom anna er foreslått å redusere talet tenestestader frå 354 til 210.

–  Nærpoliti botnplanken
Det er ordførarane i kommunane Tysnes, Balestrand og Hjartdal som har teke initiativet til oppropet, der det blir tala mot ei politisentralisering og for eit lokalt forankra nærpoliti.

– Vi fryktar at ei sentralisering vil gjere at politiet forsvinn frå lokalsamfunna, og at med det forsvinn lokalkunnskapen, seier ordførar i Balestrand, Harald N. Offerdal (Ap).

–  Vi gjer dette på vegner av innbyggjarane våre, vi har fått klare signal frå dei, seier Offerdal

Ordførarane ønskjer fokus på nærpolitimodellen i den vidare behandlinga av politianalysen.

–  Det framtidige politiet i Noreg må tuftast på botnplanken nærpolitiet. Noko anna enn det utgangspunktet er vi ikkje interessert i. Ja til forandring, men behald nærpolitiet, seier Kjetil Hestad, Ap-ordførar i Tysnes.

150 underskrifter
Saman med Hjartdal-ordførar Sven Tore Løkslid (Ap) overleverte Hestad og Offerdal det tverrpolitiske oppropet til justisministeren. Dei karakteriserer overleveringa som eit kort, men godt og innhaldsrikt møte.

–  Han var takksam for at kommunane engasjerer seg tidleg i prosessen og kjem med viktige signal i forhold til den vidare politiske prosessen, fortel Hestad.

–  Han sa at når 150 ordførarar har gått saman, er det eit sterkt signal.

Ifølgje ordførarane signaliserte Anundsen at han vil ha eit samarbeid med kommunane om den framtidige utviklinga av politiet.

Ordførarane møtte også leiaren i justiskomiteen, Hadia Tajik (Ap), måndag.

–  Ho var òg glad for at kommunane var tidleg ute med eit sterkt signal. Ho sa òg at når 150 ordførarar har gått saman, er det klart at ein må ta det med seg, fortel Offerdal.

Følgjer opp
Ordførarane har mobilisert på kort tid- innsamlinga av underskrifter starta fredag 15. november.

–  Det seier litt om engasjementet at ein greier å mobilisere så mange på éi veke, meiner Harald N. Offerdal.

Ordførarane viser til at kommunane kjem til å følgje opp saka vidare.

–  Vi er ikkje ferdige fordi om oppropet er levert og vi har hatt eit godt møte. Distrikts-Noreg følgjer med vidare på prosessen, seier Kjetil Hestad. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...