Heim Nyhende Målpris til Høgskolen i Bergen

Målpris til Høgskolen i Bergen

Nybygget til Høgskolen i Bergen får både skilt og instruksjonstekstar på nynorsk. Det er verdt ein målpris, meiner Hordaland Mållag. 

 

Til våren skal 7000 studentar og 700 tilsette ta i bruk det staselege nybygget til HiB på Kronstad. Rektor Ole Gunnar Søgnen fekk prisen frå Astrid Olsen, leiar i Hordaland Mållag, og Oddvar Skre, leiar i skulemålsnemnda.

Høgskolestyret gjorde vedtaket om skilting og instruksjonstekstar på nynorsk i mai 2012. Vedtaket gjeld for  det nye undervisningsanlegget til 2.6 milliardar kroner som no snart står ferdig.

Høgskolestyret grunngir vedtaket med at det er i samsvar med likeverds-og jamstellingsprinsippet i mållova, dei meiner også at mange statsorgan skriv altfor lite nynorsk.

– Det er uheldig at staten på denne måten ikkje respekterer grunnleggjande lovkrav om mist 25 % nynorsk. Dermed vert også den nynorske målforma for lite synleg i det offentlege rommet, meiner Høgskolen. 

Høgskolen i Bergen er den største og mest sentrale høgskolen på Vestlandet, og er ein viktig forvaltar av nynorsk kultur og språk.

– Med skilting på nynorsk vil høgskolen vere med å ivareta deler av det kulturelle mangfaldet i samfunnet som ein ellers verdset høgt.

Førre artikkelKultureliten
Neste artikkelKommune i endring

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...