Heim Nyhende Kultureliten

Kultureliten

Knut Olav Åmås drøymer om å skape resultat som betyr noko for vanlege menneske, ein draum han har teke med seg frå redaktørstolen til kulturdepartementet.

 

Han likte seg godt i jobben som redaktør for kultur, debatt og forsking i Aftenposten. Det sto ikkje på det. Difor vart han overraska då det kom telefon frå statsministeren sitt kontor om han kunne tenkje seg jobb som statssekretær i Kulturdepartementet.

–    Det var ein brå og uventa overgang for meg. Men slik er det når politiske utnemningar skjer. Då går det raskt, seier Åmås.
Ifølgje seg sjølv har han elska redaktørjobben i Aftenposten høgare enn nokon annan jobb han har hatt, og han hadde slett ingen planar om å skifte beite.

–    Men når ein får sjansen til å vere rikspolitikar, attpåtil når ein aldri har drive med politikk før, seier ein ja. Det er ei unik røynsle og eit stort privilegium å få jobbe med politikk på dette nivået.

No vil han vere med på å skape ein ny kulturpolitikk.

–    Det viktigaste blir å gje norsk kulturpolitikk ei ny retning, med vekt på høg kvalitet i den profesjonelle kulturen og på bløming i lokal kultur i den ikkje-profesjonelle delen av norsk kulturliv.

Sjefsredaktøren i Aftenposten, Hilde Haugsgjerd, var både stolt og litt lei seg då bomba om kulturredaktøren sin nye jobb sprakk. Til eiga avis uttalte ho at Erna Solberg hadde gjort eit klokt val, og at tida i Aftenposten truleg hadde vore avgjerande for at han fekk spørsmålet.  

–    Han er ein mann med store kunnskapar og mange kontaktar i fleire deler av norsk kulturliv. Han har meiningars mot og klåre synspunkt på område og saker som sorterer under kulturministeren. Knut Olav vil sikkert gjere ein god jobb med å utvikle og profilere den nye regjeringa sin kulturpolitikk, meinte ho.

–    Korleis er det å gå frå å meine noko til å forme politikk?

–    Berre ein del av jobben min som redaktør har vore å meine noko. Det er viktige skilnadar på det å meine noko og på å forme ein politikk og så skape fleirtal for den, seier Knut Olav. Han er ikkje i tvil om at det er krevjande prosessar, begge to, med kvar sin fridom og kvar sine grenser. Men det er mykje likt mellom dei to jobbane også, med krevjande leiaroppgåver og særs kompleks kommunikasjon kvar dag, slår han fast.

–    Eg lærer mykje nytt.

Knut Olav har fått ein ny kvardag, ein kvardag der tempoet er gira opp og utfordringane står i kø. Han er glad for å ha eit dyktig apparat rundt seg som kan hjelpe til på hektiske dagar, og ikkje minst er han glad for at han er van med å setje seg inn i ulike saker på kort tid.

–    Alt ligg til rette for at me i den politiske leiinga kan konsentrere oss om kjernen i oppdraget; å skape ny politikk.

–    Eg trur ikkje eg hadde klart denne jobben utan bakgrunnen som avisredaktør. Han har gjeve meg eit breitt interessefelt, ei brei orientering og evna til å ha mange ballar i lufta samstundes og til å handle raskt.

Han er eigentleg nordlending, født i Mo i Rana. I barndommen var han innom Sandnes før han landa i smelteverksbyen Odda. I eit tidlegare intervju med Dagens Næringsliv fortel han om korleis han nesten levde på det lokale biblioteket i oppveksten, og om korleis han som 12-åring hadde lese alle bøkene i barneavdelinga og fekk snike seg inn i vaksenavdelinga. Det var truleg der Knut Olav Åmås la grunnlaget for at han i dag i aller høgaste grad kan kallast boklærd og er å finne på den intellektuelle topplista i norsk samfunnsliv.

Karriera seinare er lite anna enn imponerande. Han har hovudfag i filosofi og doktorgrad i medievitskap, han har jobba som journalist i Bergens Tidende og vore redaktør ved Universitetet i Bergen. Seinare vart han forlagsredaktør i Universitetsforlaget og redaktør for tidsskriftet Samtiden. Han har vore bokmeldar og spaltist i Dagbladet, og han har gjeve ut ei rekkje bøker om filosofi, idéhistorie og homofili. Lista kan ta pusten frå den beste, og ho legg òg grunnlaget for at Åmås har hausta fleire prisar. Han har fått Melsom-prisen for biografien om Olav H. Hauge, og saman med Cathrine Sandnes fekk han prisen Årets tidsskrift for arbeidet med Samtiden. I 2007 fekk han dessutan den store journalistprisen. Puh!

Dagens Næringsliv klarte nesten å provosere den nye statssekretæren då dei lurte på om han var regjeringa sitt intellektuelle trofé.

–    Stemmer det?

Svaret er gjennomtenkt.

–    Det er utruleg å få slik tillit. Det er mykje svært god tankekraft i den nye regjeringa, på fleire nivå. Eg er fascinert av at vi har eit politisk system som er så ope at det tek sjansen på å sleppe til folk utan politisk røynsle på rikspolitisk nivå.

Åmås held nynorsken høgt. I spaltene til Aftenposten har han skrive både bokmål og nynorsk, sjølv om det truleg er tettare mellom bokmålstekstane. Tidlegare har han òg sparka litt i redaktørkollegar i riksavisene for at dei skal opne opp for meir nynorsk på redaksjonell plass. I nynorskkretsar er han likevel truleg aller mest kjent for biografien om Olav H. Hauge. Likevel vil han ikkje vere med på at biografien hans om Olav H. Hauge og oppveksten i Odda har noko å seie for at regjeringa no valde å redde overføringane til Hauge-senteret, mot alle odds.

–    Nynorsk er eit mindretalsspråk her i landet. Å vere eit mindretal er ei utfordring i seg sjølv. Nynorsk og bokmål har ulike rammevilkår i samfunnet. Det er viktig at dei som brukar nynorsk, held fram med det, på vegne av oss alle og av framtida til norsk språk. Det er viktig at dei som aldri eller sjeldan brukar nynorsk til dagleg, forstår kva som gjer at eit språk kan eksistere som mindretalsspråk.

–    Kva er ditt beste råd til nynorskkommunane?

–    Først og fremst må dei sjå seg som viktige bastionar for nynorsk og ikkje kimse av rolla si som akkurat det, trur eg. Kommunane er viktige språkbruksarenaer for nynorsk. Dei bør ha ein gjennomtenkt kommunal språkpolitikk både i administrasjon, for barnehage og i skulekrinsane.

Han har ingen spesielle hjartesaker. Sjølv meiner han at han er så breitt orientert at han gler seg over alle saker, anten dei handlar om kunst og kultur, medier, frivillig sektor, idrett eller religion. Han er klar over at det ofte vil storme rundt sakene som kjem frå departementet. Allereie har kulturdepartementet markert seg med forslag om å kutte i pressestøtta og kunstnarstipendet, noko som har skapt sterke reaksjonar.  Noregs Mållag var nett ute å viste kva kutt i pressestøtta for dei avisene som har eit opplag mellom 4000 til 6000 har å seie for nynorsken.  Målrørsla er ikkje i tvil om at dette vil skape negative konsekvensar for mange nynorskaviser.  Åmås derimot uroar seg ikkje påfallande mykje om det.

–    Framlegget er på høyring og alle konsekvensar vil bli vurderte nøye. Eg trur ikkje det får noko spesielt å seie for nynorsken, kjem det kort frå statssekretæren.

Reaksjonar fekk også regjeringa då dei kom med forslaget om å gjere større endringar i mållova. Dei vil erstatte retten folk i dag har til å få svar på eiga målform, med at tilsette i staten og språknøytrale kommunar skal bruke eiga målform.

–    Kva trur du vil skje med mållova?

–    Regjeringa vil styrkje begge målformene. Det er viktig at eventuelle justeringar i mållova ikkje rokkar ved hovudprinsippet om at dei norske målformene er likestilte og likeverdige. Eit lovverk som òg sikrar posisjonen til den minst brukte målforma, var og er eit verkemiddel for å styrkje nynorsken slik språksituasjonen er i dag, slår Åmås fast.

Sjølvmelding:
Namn: Knut Olav Åmås
Alder: 45
Sivilstatus: Kjærast med Knut Aastad Bråten, redaktør i Syn og Segn
Les: Akkurat no Tor Bomann-Larsens førebels siste band i biografien om Haakon og Maud
Høyrer på : Mykje radio
Inspirert av: Vanlege menneske som ofrar seg for at andre menneske skal ha det betre
Førebilete: Dei same som i førre svar

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...