Heim Nyhende – Klart elevar i vest er glupare

– Klart elevar i vest er glupare

Leiaren i Opplæringsutvalet i Hordaland vil ha svar på kvifor færre ungdomsskuleelevar i vest tek fag frå vidaregåande, samanlikna med Oslo-området.

Over halvparten av grunnskuleelevane som tek vidaregåande fag bur i Oslo, Akershus eller Buskerud. Slik har det vore sidan ordninga starta i 2008. Flest ungdomsskuleelevar som tar fag frå vidaregåande er det i Oslo (451), Drammen (56) og Bærum (52). Til samanlikning er talet berre 7 i Sogn og Fjordane og 72 i Hordaland.

LES OGSÅ: Stadige fleire «eliteelevar»

– Er det slik at det er fleire glupe elevar på Austlandet?

– Det var eit dumt spørsmål. Klart me er glupare på Vestlandet, seier leiar i Opplæringsutvalet i Hordaland, Roald Stenseide (FrP) til Framtida.no.

Treng marknadsføring
– Men me må bli flinkare til å marknadsføra dette tilbodet. Her har me nok ikkje vore flinke nok. Eg må innrømma at eg ikkje var klar over at det var så store forskjellar, legg Stenseide til.

– Kva kan fylkeskommunen gjera for at fleire elevar skal få høve til å nytta seg av dette tilbodet?

– Eg skal ta dette opp med opplæringsdirektøren ved neste møte, for å få eit svar på dei store forskjellane, seier utdanningspolitikaren frå Frp.

Tidlegare utdanningspolitikar og noverande fiskeriminister Elisabeth Aspaker frå Høgre kalla den skeive fordelinga mellom Austlandet og resten av landet for skandaløs i 2012. Sidan den gongen har det berre skjedd små endringar mellom aust og vest.

Førre artikkelLesarrekord for Framtida.no
Neste artikkelArne Garborg

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...