Heim Innspel Arne Garborg

Arne Garborg

Arne Garborg lever, sjølv om han døydde for 90 år sidan, 14. januar 1924. Garborg lever gjennom tekstane sine – det skrivne ord.


Garborg skreiv mykje, og Garborg skreiv godt. Men sjølv om han blir hugsa den dag i dag, vil det nok vere ein og annan som må tenkje seg litt om når det gjeld kva språk Garborg skreiv på. Jo, sjølvsagt, skreiv Garborg på norsk. Men han høyrde til dei forfattarane som valde å ta i bruk landsmålet.

Det mange ikkje veit, er at landsmålet ikkje var like normert og etablert som nynorsken er i dag. Ivar Aasen hadde riktig nok laga ei ordbok og ein grammatikk, som kom ut like før Garborg blei fødd i 1851, men den praktiske bruken av skriftspråket var framleis under utprøving.

Arne Garborg var ein av dei som prøvde å moderere Ivar Aasen si språkform, og tre år etter at Ivar Aasen forlét sin heim mellom bakkar og berg for godt, lanserte Garborg sin eigen språknormal, kalla midlandsnormalen. Midlandsnormalen var, som namnet indikerer, basert på midlandsdialektene, og då først og fremst dialektene frå Vest-Telemark. Rasmus Flo stod saman med Garborg bak midlandsnormalen. Flo var vestlending, men jobba blant anna også nokre år som lærar på Kongsvinger.

Garborg og Flo var medlemmar av ei rettskrivingsnemnd som skulle komme fram til ei offisiell rettskriving for landsmålet. Mot seg hadde dei Marius Hægstad, som ville halde seg nærare opp mot Ivar Aasen sin normal. Det var den såkalla Hægstad-normalen som blei lagt til grunn for den offisielle rettskrivinga frå 1901.

Ting tek tid. Sjølv om Ivar Aasen publiserte ordboka og grammatikken for landsmålet rundt 1850, tok det altså ca. femti år før ein hadde ei offisiell, normert rettskriving for landsmålet. Det kom mange rettskrivingsreformer utover på 1900-talet, og no har vi hatt den siste offisielle rettskrivingsreforma i 2012.

Det er ikkje godt å seie kva Garborg, Flo og Hægstad – for ikkje å gløyme Aasen – ville ha meint om den siste rettskrivingsreforma for nynorsk. Men når ein tenkjer på at både Garborg og Aasen er levande gjennom litteraturen – og det er også Ibsen og Hamsun og mange andre, er det klart at det ikkje spelar så stor rolle korleis ein bøyer og skriv eit ord. Det er den indre krafta i orda som treffer oss, og som blir ståande.

Då kan det vere greitt å avslutte med nokre slike Garborg-ord som passar til starten på det nye året: Snøen fell i graae Kveld stilt or mjuke Lufti. Stilt og tett, lint og lett; legg som Dunseng mjuk og slett dunkvit yvi Tufti.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...
– Eg er mest glad å lesa i ambulanseboka mi, fortel Symre (5). Ved sida av ho sit frå venstre Trygve (5) og Jørgen (5).

Innspel til Lesekommisjonen frå Nynorskkommunane

Nynorskkkommunane – LNK har 104 medlemmar, mellom desse 85 kommunar, 3 fylkeskommunar, fleire regionråd og interkommunale selskap. For medlemmane våre er det viktig å...