56 kommunar vil ha meir betalt for å låne ut sjøen til den rekordlønnsame lakseindustrien.
– Sjå på kraftkommunane. Fordi det tilfeldigvis renn ein foss ned fjellsida, får dei ekstra skatteinntekter. Vi som legg til rette for hundrevis av oppdrettsanlegg får null. Det er klart at det ikkje kjennest rettferdig, seier ordførar Kjetil Hestad (Ap) i Tysnes til Bergens Tidende.
Han er frontfigur for oppdrettskommunane som no vil ha ein større bit av milliardane i oppdrettsbransjen. Rekordeksporten i fjor på nesten 40 milliardar kroner er den mest lønnsame nokon gong.
Dei 56 kommunane i «Nettverk fjord- og kystkommunar» vil ha ei eiga oppdrettsavgift. Dei har fått utarbeidd eit lovforslag, som dei håper kan gjelde allereie for statsbudsjettet neste år.
– Målet vårt er ikkje å suge næringa tom for pengar. Vi vil at selskapsskatten, som dei i dag betaler i sin heilskap til staten, skal delast med kommunar som legg til rette for oppdrettsnæringa, fortset Hestad.
I heile Noreg er det registrert over 16.000 konsesjonar, og løyva er fordelte på nesten 2000 forskjellige stader.
Lovforslaget frå oppdrettskommunane viser til at det i dei fleste andre land blir kravd inn ein eller annan form for avgift for retten til å bruke sjøen til fiskeproduksjon. (©NPK)