Kommunane tar ut 90 prosent av overskotet i kraftselskapa dei eig. NHO-organisasjonen Energi Norge er uroleg for mangelen på investeringar i straumnettet.
Men kommunane må rekne med å kunne ta ut vesentleg mindre utbytte frå selskapa i tida framover. Meir av pengane må investerast i straumnettet.
Ifølgje ei konsulentundersøking som Energi Norge har fått utført, har kraftselskapa betalt ut til saman 16,7 milliardar kroner i utbytte dei to siste åra. Det er om lag 90 prosent av resultatet. I vel eitt av tolv selskap tok eigarane ut meir enn 100 prosent.
– Dette er svært urovekkjande, seier Energi Norge-sjef Oluf Ulseth til Dagens Næringsliv.
Den offentlege eigarskapen i distribusjonsnettet er på nær 100 prosent i Noreg, i kraftproduksjonen vel 80 prosent.
Veksande investeringsbehov
Energi Norge peikar på at det både er planlagte aktivitetar og for lengst vedtatte budsjett som i mange tilfelle fører til at utbyttekrava er høge sjølv om resultata er svake.
Ulseth og heile bransjen ventar at behovet for investeringar i straumnettet kjem til å auke framover. Sjefen i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE), Per Sanderud, meiner pengestraumane ut av nettselskapa må bli mindre framover, slik at selskapa kan investere i ny infrastruktur.
– Investeringane har vore veldig låge lenge, sjølv om vi ser at dei har gått litt opp det siste året. Det varierer også litt mellom store, sterke selskap, som til dømes Hafslund, og andre mindre selskap. Men vi følgjer med, seier Sanderud.
100 milliardar
Sanderud seier det både er behov for å oppgradere gamle linjer og å trappe opp vedlikehaldet langs linjene, som mange stader blir forsømt. Dessutan kjem innføringa av automatiske straummålarar hos straumkundane (AMS) til å koste nettselskapa mykje framover.
– Investeringa er på så pass mykje som fem til ti milliardar kroner og skal betalast av nettselskapa, seier Sanderud, som forstår at dei del kommunar føler dei må skvise investeringane for å få pengar til barnehage og skule.
Samla reknar NVE med eit investeringsbehov på rundt 100 milliardar kroner i distribusjonsnettet fram til 2020. (©NPK)