Heim Nyhende – Kom aprilspøken ein dag for tidleg?

– Kom aprilspøken ein dag for tidleg?

Rektor ved Høgskulen for landbruk og bygdeutvikling (HLB), professor Dag Jørund Lønning, er lite imponert over forslaga frå ekspertutvalet for kommunereform.

Eit krav om minimum 15-20.000 menneske i kvar kommune representerer ei ovanfrå-og-ned-tilnærming som burde ha gått ut på dato for fleire tiår sidan, seier Lønning i ei pressemelding.

– Eg må vedgå at eg først trudde denne innbyggjar-talfestinga var ein spøk. Då eg såg på kalenderen at det var ein heil dag igjen til 1. april, byrja eg i staden å lura på kva føringar som eigentleg er lagt på dette utvalet? Den såkalla «Verdikommisjonen» fekk i si tid mykje kritikk for urealistiske og ugjennomførbare framlegg. Kommuneutvalet set derimot ny, og kanskje uslåeleg, rekord i manglande realisme.

Ned over hovudet
Professoren trur eigendynamikken i denne typen utvalsarbeid kan ha leidd fram til konklusjonen:

– Utvalet er sett ned med brask og bram. Ein konklusjon om at «med nokre justeringar her og der kan me halda fram som me stemnar» held ikkje i det offentlege rom. Då vil det med ein gong bli sådd tvil om pengebruk. Slik sett oppstår det eit press for å koma fram med noko «nytt», noko som blir lagt merke til. Akkurat på dette punktet kan ein jo seia at ein har lukkast. Samtidig er det vanskeleg å tru at medlemmene kvar for seg ser det som mogleg og ønskjeleg å pressa denne drastiske strukturendringa, med dei sentraliseringseffektar den vil få, ned over hovudet på norske distriktskommunar.

Denne eigendynamikken legg premissane for heile utvalsrapporten, seier Lønning. At ein ser på norsk kommunestruktur med både innanfrå- og utanfrå-blikk er viktig, men det bør likevel vera eit samsvar mellom problemskildring og tiltak. Om ein avdekker store problem og utfordringar, kan det liggja til rette for å foreslå radikale løysingar. I dette tilfellet føreslår ein derimot drastiske, generelle tiltak utan først å ha avdekka generelle problem, ifølgje Lønning. Dette stiller heile utvalsarbeidet i eit noko underleg lys.

– Tynn dokumentasjon
Også dokumentasjonen på at «samanslåing verkar» er noko tynn, held Lønning fram:

– Utvalet baserer konklusjonane på eit fåtal undersøkingar frå eit fåtal tidlegare kommunesamanslåingar. Metodisk er dette tvilsamt, ettersom desse samanslåingane alle er frivillige. Dei kan ikkje nyttast for å argumentera for tvang – som er det rapporten eigentleg legg opp til. Det er veldig flott at det går bra i dei nye kommunane. «Problemet» for utvalet er at det går veldig bra i brorparten av norske kommunar, også dei som ikkje har slått seg saman. Slik sett demonstrerer utvalsrapporten berre at norske kommunar og lokalpolitikarar sjølve er kapable til å vurdera behovet for eventuell samanslåing.

Og her er me kanskje ved det største problemet med heile utvalsarbeidet, seier Lønning:

– Det ligg paternalisme på lur: Ei holdning om at «eksperten» er betre skikka til å vurdera storleiken på og tenestetilbodet i ein kommune enn dei som bur der. Distrikts- og kommune-Noreg representerer eit spennande mangfald som er utvikla over tid i pakt med lokale behov. Dette mangfaldet er ikkje problemet men ein del av løysinga. Då må ein heller utvikla gode ordningar for dei kommunar som eventuelt ser behovet for å slå seg saman eller å bli enno betre på å samarbeida om teneste- og utviklingsoppgåver.

– Oppmuntrande
Professor Lønning håpar likevel at det kjem noko godt ut av utvalsrapporten på sikt:

– Det var oppmuntrande å høyra at statsråd Jan Tore Sanner, i kommentarar til utvalsrapporten, verken trur på 20 000 innbyggjarar som mal eller ønskjer tvangssamanslåingar. Eg vonar statsråden også ser utover snever partipolitikk i dette spørsmålet. Han skal ha ros for å oppmoda til kritiske blikk på kommunestrukturen i Noreg. Det treng me. Men løysinga – om den heiter samanslåing eller ikkje – må alltid vera lokalt forankra. Er målet auka lokaldemokrati, er tvang og ovanfrå-og-ned-løysingar særs dårlege verkemiddel.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...