Stadig fleire politikarar i Sogn og Fjordane har mista trua på eksistensgrunnlaget for fylket. No vil dei slå seg saman med resten av Vestlandet.
Då spørsmålet om å slå saman fylka i vest til ein stor vestlandsregion var oppe rundt 2005, var skepsisen stor i Sogn og Fjordane. Nesten ti år seinare har det eine politiske partiet etter det andre snudd. Av dei store partia seier berre Senterpartiet nei, skriv Bergens Tidende.
– Dersom vi får større kommunar, så trur eg dagens fylkeskommune vil opplevast som liten. Då kan vi også berre gløyme å få nye oppgåver, seier Trude Brosvik, leiar for KrF i Sogn og Fjordane.
– Eg trur det blir for krevjande for oss å stå aleine når alle andre einingar rundt oss blir større, fortset fylkesordførar Åshild Kjelsnes (Ap). (©NPK)