Heim Nyhende Ny rapport vil leggje ned Sogn og Fjordane

Ny rapport vil leggje ned Sogn og Fjordane

I ei ny utgreiing har Møreforsking sett på fem alternativ til framtidig fylkesstruktur. Sogn og Fjordane, Finnmark og Aust-Agder kan gå ei uviss framtid i møte.

 

– Skal du vere rimeleg effektiv, så må du ha over 200.000 innbyggjarar. Det er ein føresetnad for å få overført nye oppgåver, seier prosjektleiar Jørgen Amdam frå Møreforsking til Bergens Tidende.

Utgreiinga som tek føre seg alternative fylkes/-regionsstrukturar er bestilt av Kommunal- og moderniseringsdepartementet og skal danne grunnlaget for regjeringshandsaminga av ein ny fylkesstruktur i 2016.

– Det vi ser er at det regionale nivået kan bli viktigare i framtida. Men då kan ein ikkje tillate departementa å bruke argumentet om at nokre fylke er for små til at ein kan overføre oppgåver til dette forvaltningsnivået, seier Amdam til BT.

Fem alternativ

I rapporten frå Møreforsking er det skissert fem alternativ for regioninndeling som alle byggjer på forslag i tidlegare utgreiingar. I grove trekk ser alternativa slik ut:

* 0-alternativet: 19 fylke med omtrent same arbeidsoppgåver som i dag, cirka 300 kommunar.

* Samanslåing: Dei minste fylkeskommunane slår seg saman, 10– 15 regionar og cirka 300 kommunar. Nokre fleire oppgåver frå stat til fylke.

* Landsdel: 7 regionar, som får overført fleire oppgåver frå staten, og 80 regionkommunar.

* Storby fleksibel regionalpolitisk organisering: cirka 150 kommunar. 4 til 6 storbyregionar, 10 -15 byregionar, kommunane utanom er organiserte i regionar. Ansvar og oppgåver etter storleik. Summen av regionar og storbyar vil kunne overstige dagens 19 fylke.

* Fleksibel regionalpolitisk og kommunal organisering: 10– 15 regionar. Kommunar som slår seg samen vil kunne få større oppgåver og motsett, talet kommunar vil kunne variere over tid.

God utteljing

Forskarane har vurdert dei fem alternativa opp mot kriteria demokrati, tenesteproduksjon, myndigheitsutøving og planlegging og utvikling. Dei tre alternativa der det er skissert mellom sju og 10– 15 regionar, kjem positivt ut sett opp imot dagens situasjon.

0-alternativet scorar samla sett «svakt negativt» sett opp imot tilhøva i dag. Regjeringspartia skal ha ønskt å opprette byfylke, men også «storby-alternativet» kjem svakt negativt ut.

10– 15 regionar

Amdam peiker på at landsdelsalternativet er det beste verkemiddelet for å overføre makt frå Oslo.

– Men for å få dette til må ein klare å etablere ein felles fiende, ein felles identitet og ei felles oppfatning om at dette er lurt å gjere, seier han.

Møreforsking meiner det beste og mest realistiske er å reduserte talet fylke til mellom ti og femten. Det kan skrive Sogn og Fjordane ut av historia. I det tilfellet ser Amdam for seg eit vestland delt opp i to eller tre regionar.

– Vi har ikkje teikna kartet. Men eit alternativ er at du har Rogaland, Hordaland, og eit fylke på Nord-Vestlandet. Ein kan også sjå for seg at ein slår saman Hordaland og Rogaland i ein del og Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal i ein annan, seier Amdam.

Han trur likevel det er større sannsyn for at ein held fram med 19 fylke, enn at det kjem større endringar. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...