Heim Nyhende Innovasjon Noreg held på distriktskontora

Innovasjon Noreg held på distriktskontora

Innovasjon Noreg må i år kutta 107 millionar, men selskapet skal ikkje leggja nokon distriktskontor.

 

Det går fram av ei pressmelding frå Innovasjon Noreg etter at styret denne veka har vedteke det endelege budsjettet for 2015.

Administrerande direktør Anita Krohn Traaseth i Innovasjon Noreg seier at selskapet er svært opptekne av å sikra relevant og spesialisert nærleik til kundane i dei nitten fylkeskommunane i landet.

– Dette krev eit meir strategisk, tettare og aktivt samarbeid med aktørane i regionen, seier ho vidare.

Ho legg ikkje skjul på at nedskjeringane på 107 millionar blir krevjande.

– Det betyr at vi, som dei fleste norske selskap, må gjera meir med mindre ressursar, seier ho.

42 prosent av kostnadskutta er knytt til nedbemanning og omfattar 60– 70 årsverk.

– Vi går mot ein krevjande vår i Innovasjon Noreg, men slik eg vurderer forbetringane til selskapet dei siste fem månadene, omstillingsevna- og viljen til dei tilsette, samarbeidet med styret og tillitsvalde, er vi godt skodde til å gå saman vidare i ein krevjande, men heilt nødvendig omstillingsprosess for å sikra og auka rolla til Innovasjon Noreg i omstilling av norsk økonomi, seier Krohn Traaseth. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...