Heim Nyhende Maria Parr til Falturiltu

Maria Parr til Falturiltu

Den nynorske barnelitteraturen si superstjerne blir festivalforfattar.

 

Maria Parr kjem til Vossa Jazz laurdag 28. mars som ei del av markeringa av at ho blir festivalforfattar på Stord i november.

Maria Parr debuterte med boka Vaffelhjarte i 2005, og vart mellom anna nominert til Brageprisen. I 2009 følgde ho opp med Tonje Glimmerdal som ho blei tildelt både Brageprisen, Kritikarprisen og Teskjekjerringprisen for. I 2010 vart Tonje Glimmerdal kåra til beste tyske barnebok av avisa Die Zeit. Begge bøkene hennar er blitt til teater og Vaffelhjarte er blitt ein svært populær Tv-serie.

Bøkene til Parr er no blant dei mest omsette norske barnebøkene i utlandet, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Historiene om Tonje, Gunnvald, Trille og Lena har rett og slett fengsla både store og små over heile verda, med varme, humor og energi.

LES OGSÅ: I kø for Maria Parr i Berlin

– Den nynorske barne- og ungdomslitteraturen er svært rik og variert, nynorske barnebokforfattarar mottek prisar i hopetal, men diverre er det langt igjen før bøkene har det publikummet dei fortener. Det er vanskeleg å nå ut til lesarane, både bokhandlarar og bokklubbar prioriterer bokmålsbøkene, og mange har ei oppfatning av at det ikkje finst noko særleg litteratur på nynorsk, seier festivalleiar Roald Kaldestad. Falturiltu vil formidla denne litteraturen, og gjera han meir kjend.

Støtta av Kulturrådet

Månda blei det også klart at Kulturrådet gjev 155.000 til Falturiltu både i 2015 og 2016. Dei er dermed den einaste litteraturfestivalen som får toårig støtte i denne søknadsrunden.

– Me tar dette som ei stor tillitserklæring, og lovar å lage eit fantastisk program i veke 45, seier Roald Kaldestad.

LES OGSÅ:Korleis vart du du, Maria Parr?

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...