Enda ein nynorskskule ser ut til å forsvinne som resultat av skulesamanslåing. Eit klart fleirtal gjekk inn for bokmål i skulemålsrøystinga i Hol i Hallingdal måndag.
Av dei 419 som stemte i målrøystinga, gjekk 298 inn for bokmål, mens 121 stemte for at nynorsken skulle vere hovudmål når bokmålsskulen Hovet frå hausten blir slått saman med nynorskskulen Holet.
– Det meste tyder no på at bokmål har knust nynorskens siste skanse i Hol, skriv lokalavisa Hallingdølen.
I målrøystinga i Holet skulekrets for eitt år sidan vart det klart fleirtal for nynorsk. Likevel må dei 50 nynorskelevane der mest truleg jenke seg til hovudmålet til dei 40 elevane frå Hovet når dei flyttar til tettstaden Hol til hausten.
Skulemålsrøystinga er rådgivande, men kommunestyret i Hol kjem neppe til å overstyre eit så eintydig resultat når dei gjer endeleg vedtak i saka 27. mai. (©NPK)