Heim Nyhende Gravferdsprisar varierer mellom kommunane

Gravferdsprisar varierer mellom kommunane

Mange som har flytta frå heimkommunen sin ynskjer likevel å bli gravlagde på staden der dei vaks opp. Det kan bli dyrt, og prisane mellom kommunane varierer.

 

Det er Firda som skriv om prisvariasjonane på såkalla utanbysgravferd fredag. Avisa viser til tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) som seier at meir enn kvar tiande nordmann ynskjer å bli gravlagd ein annan stad enn der dei bur, til dømes i kommunen dei vaks opp i. I prinsippet har alle norske statsborgarar rett til fri grav.

Men det vil kosta ekstra å bli gravlagd i ein annan kommune, og prisane mellom kommunane varierer sterkt.

Gravferdsavgiftutvalet har funne ut at medan nokre kommunar ikkje lèt pårørande betala for utanbysgravferd, krev andre kommunar opp mot 18.000 kroner. Og i dei større byane er det dyrare. Desse kostnadene kjem i tillegg til dei vanlege kostnadene til gravferd, som i gjennomsnitt kostar mellom 30.000 og 40.000 kroner.

I dag blir rundt 8 prosent av dei avlidne gravlagde i ein annan kommune enn den dei budde i, og det er opp til gravplassforvaltninga om dei vil krevja at dei etterlatne skal dekkja kostnadene.

Men det kan sjå ut som at det kan gå mot ei endring. Ei offentleg utgreiing frå 2014 la fram forslag om å endra gravferdslova.

– Utvalet går inn for likestilling mellom innanbygds og utanbygds gravlegging. Utvalet gjer framlegg om at gravplassforvaltningane gjer opp seg imellom etter tre ulike satsar som departementet fastset i forskrift, heiter det i NOU 2014: 2 Lik og likskap. Om betaling for kremasjon, gravlegging og grav. (©NPK) (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...