Heim Nyhende Ministeren klar for kommunevalkamp

Ministeren klar for kommunevalkamp

Administrative grenser har lite med identitet å gjera, seiar kommunalminister Jan Tore Sanner (H), som står midt oppe i arbeidet med kommunereforma idet valkampen blir sparka i gang.

 

Kommunalministeren er nettopp tilbake frå ferie og klar for å bretta opp ermene til valkamp dei neste seks vekene.

– Eg ser fram til valkampen og til å vera ute blant folk og lytta til deira ynskje, seier Sanner.

– Kva er dei tre viktigaste sakene for deg i valkampen i år?

– Det er skule – som er viktig for våre barn og unge. Det er arbeidsplassar – ei viktig kommunal oppgåve, og det er omsorg – og god kvalitet i omsorga, seier Høgre-nestleiaren.

– Kommunereforma er ikkje på topp tre-lista di?

– Kommunereforma er ein del av dette, og det vil bli ei viktig sak i mange kommunar fram mot valet, seier Sanner.

Femti år sidan sist

Kommunereforma har både begeistra og forarga i bygder, byar og tettstader det siste året. Ekspertutvalet som greia ut reforma har tilrådd regjeringa å redusera kommunetalet frå 428 og ned mot 100, men regjeringa skal ikkje ha sett noko tal for kor mange kommunar landet skal ha enno.

Reforma er absolutt naudsynt, meiner primus motor Jan Tore Sanner.

– Det er femti år sidan førre kommunereform. Mange kommunar i dag er for små for dei oppgåvene dei har ansvaret for. Det som var riktige løysingar på 1960- og 1970-talet vil ikkje halda i tiåra som kjem, seier Sanner, og held fram:

– Til dømes ser me stadig meir interkommunalt samarbeid. Det er bra med samarbeid, men samtidig ei utfordring for lokaldemokratiet, fordi avgjerder blir flytta frå kommunestyresalen til andre forum.

Han meiner fleirtalet av kommunepolitikarane er positive til reforma, og trur at ho blir gjennomført.

– Eg er nemleg heilt sikker på at utfordringane kommunane står overfor i dag, ikkje vil forsvinna. Folk flyttar meir enn før, og det vil bli langt fleire eldre per arbeidstakar i dei komande tiåra enn det er i dag.

Reform av fri vilje

Men ein kommunereform er ikkje lett å gjennomføra, og mange vil slett ikkje slå seg saman med nabokommunen. Sanner sjølv vil likevel ikkje bruka argumentet om at kommunen er viktig for folk sin identitet.

– Identitet er ikkje basert på administrative grenser, men på tilhøyrsle i eit lokalsamfunn. Det vil ikkje forsvinna med reforma, seier han.

– Me har sagt heile tida at reforma skal vera basert på fri vilje og lokale prosessar, men det er i Stortinget gjort vedtak om at det kan gjerast unntak frå denne hovudregelen. Døme på det kan vera dersom fire kommunar har snakka om samanslåing, der tre kommunar er for, og éin er mot. Då kan me setja prinsippet og frivillig medverknad til sides.

– Kva vil skje med kommunar som ikkje har gjort vedtak om samanslåing før fristen i juni neste år?

– Som sagt skal reforma baserast på fri vilje og lokale prosessar. Og det kan også koma samanslåingar etter den tid, seier ministeren.

Oslo-makt

I jobben reiser Jan Tore Sanner naturleg nok ein del rundt om i landet, og éi tilbakemelding kjem stadig:

– Når eg er ute i landet og møter folk, meiner dei ofte at staten bestemmer for mykje, og dei meiner at for mykje makt er konsentrert hjå politikarane i Oslo, fortel han.

Ministeren legg til at regjeringa har gjort mykje arbeid for å redusera statleg detaljstyring dei to siste åra, og at kommunereforma også skal bidra til dette. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Google lovar nynorsk skriveprogram før skulestart

– Dette er ein stor siger for nynorskbrukarane og nynorskrørsla – og ein stor siger for regjeringa og stortingsfleirtalet som utfordra Google og andre...

Uroa for alle som skal læra nynorsk etter funn i ny undersøking

Over 23 prosent av rektorane i grunnskulen var ukjente med at det blir krav til at skriveprogram skal støtta både nynorsk og bokmål frå...

Stillingsutlysing: Vil du få til meir MÅL på Jæren?

Stillingsutlysing: Er du glad i målet ditt, nynorsk og vil få fleire til å gleda seg over dialekta si og nynorsken? Er du i tillegg...

Språkrådet ber avisene sikre nynorskdelen i framtida

Nynorskavisa Kvinnheringen kan publisere Amedia-tekstar og meiningsinnlegg på bokmål, men trur ikkje dei vil skrive mindre nynorsk framover. – Det som overraska mest var nok...