Heim Nyhende Kunnskapsministeren lanserte Leseskogen

Kunnskapsministeren lanserte Leseskogen

I dag lanserte Foreningen !les si nye lesesatsing. På nettsidene deira gjev lesedyra gode boktips på både bokmål og nynorsk. 

 

– Me snakkar veldig mykje om at det er viktig å lesa for å læra, fordi elevar som forstår det dei les får lyst til å læra meir. Men å lesa handlar òg om å oppleva kor utruleg gøy det er å lesa. Lesing er både veldig viktig og veldig fint, sa kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) ifølgje ei pressemelding då han gjesta lanseringsarrangementet.

Hjelp i skogen
Det er Foreningen !les som står bak Leseskogen. På dei nye nettsidene får elevar på 1. og 2. trinn i møta eit leselystent univers der skogens dyr les og anbefaler bøker. 

Leseskogen skal gje born, foreldre og lærarar fortløpande tips til bøker som er eigna for høgtlesing. Satsinga skal hjelpa lærarane med både lesetips og undervisningsopplegg. I tillegg skal foreldre få råd til korleisde kan gjennomføre høgtlesing uavhengig av barnets ferdigheiter og interesse for lesing.

Dagleg leiar i Foreningen !les, Wanda Voldner, gler seg over at dei no harover 30.000 påmeldte elevar.
– Gjennom Leseskogen vil borna få ein inngang til litteraturen som er både spanande, morosam og lærerik, seier ho i pressemeldinga.

Statsråden og skjelletta
Elevane på Lilleborg skole i Oslo fekk høyra  kunnskapsministeren lesa høgt frå «Samira og skjelettene» av Camilla Kuhn.

Statsråden rosar kampanjen og meiner det er bra at fleire gode krefter jobbar saman for at born skal oppleve meistring og glede knytt til lesinga.

Rektor Gro Nordstrand er oppteken av å finna gode aksjonar for å auka leselysta blant elevane og tykkjer Leseskogen er eit veldig spanande tiltak.

– Dessutan er høgtlesing en fin måte for elevar, lærarar og foreldre til å møtast rundt litteraturen på, seier Nordstrand.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

Nynorsk i vaksenopplæringa for innvandrarar gir betre integrering

Nynorsk Forum og Nynorskkommunane – LNK med klar beskjed i budsjetthøyringa i kommunalkomiteen. – Det viktigaste eg vil seia, er at nynorsk i vaksenopplæringa for...

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...