Heim Nyhende Folkehøgskular droppar nynorsk

Folkehøgskular droppar nynorsk

Folkehøgskular i nynorskområde fryktar dei ikkje når fram til ungdommen om dei skriv bokmål på nett. – Tull, meiner leiar i Bømlo Mållag.

 

– Det at me skriv bokmål når me ligg i nynorskkommunen Bømlo er ikkje noko eg er stolt over. Som nynorskbrukar og gamal målmann tykkjer det er trist at me har gått over til bokmål for å nå fleire, men me har tilpassa oss ein marknad, seier rektor ved Bømlo folkehøgskule Magne Grøneng Flokenes.

LES OGSÅ: Rekordmange vil på folkehøgskule

Søknadsauke etter namnebyte
Folkehøgskulen har i samråd med reklamebyrået Zpirit på Stord gått inn for å marknadsføra seg på bokmål på nettsidene sine.

Rektor forklarar at dei har fått klar beskjed om at skal ein nå ungdommen no til dags må ein skriva bokmål. Vedtaket er difor gjort med tanke på å kommunisera til ungdom over heile landet.

 Rektor ved Bømlo Folkehøgskule Magne Grøneng Flokenes er gamal målmann, som helst hadde sett at skulen fekk skriva nynorsk. Foto: Bømlo Fhs Bømlo folkehøgskule, som tidlegare heitte Olavsskolen, har opplevd aukande søkjartal dei siste åra.

Flokenes trur ikkje søknadsauken skuldast endring av målform, men heller namneendringa.

I år hadde dei 300 søkjarar og nyleg starta 99 nye elevar frå nesten alle landets fylker på folkehøgskulen. Rektor anslår at dei fleste av desse har hatt bokmål som hovudmål på vidaregåande.

LES OGSÅ: Spelsuksess for folkehøgskulane

Fryktar nettskugge
På Sunnhordland folkehøgskule har dei òg valt å marknadsføra seg på bokmål på internett.

– Eg har fått forståelsen frå fleire hold for at når det gjeld søkjemotorar så er det lettare med bokmål, forklarar rektor Mona Økland.

Ho understrekar at trass i dette er det nynorsk som er administrasjonsspråket ved skulen, slik at alle skriv og brosjyrar som vert sendt ut er skrive på nynorsk.

– Dette er fordi me ligg på Halsnøy og nynorsk er ein del av identiteten vår. Men me ynskjer jo at folk skal sjå og finne oss på Internett, som gjerne er det første møtet, seier Økland, som ikkje har høyrt noko negativ respons på nynorskbruken ved skulen.

Dei har i likheit med Bømlo folkehøgskule opplevd auka søknad dei seinare åra, og har i år teke imot 97 nye elevar.

LES OGSÅ: – Dramatisk for folkehøgskulane

Nynorsk profil
Leiar i Norsk Målungdom Synnøve Marie Sætre reagerer på at bokmål vert sett på som ungdomsspråket.

– Eg trur det er ei misoppfatning at for å nå ut til ungdommen, så må ein skriva nynorsk. Eg tykkjer  ikkje det er nokon grunn til å ikkje bruka nynorsk. Er ein i nynorskområde burde ein profilere seg på nynorsk fordi det handlar om lokal forankring, seier Sætre.

Ho peikar på at folkehøgskular som Nordfjord, samt fleire store bedrifter gjer suksess med å profilere seg på nynorsk, noko som gjer at dei skil seg ut.

Når det kjem til å vere lett å søkja opp på Internett skjønar Sætre uroa, men oppmodar heller til meir enn mindre nynorsk på Internett for å få bukt med problemet.

LES OGSÅ: Løftar fram reklamespråket

– Ikkje problem å bli funnen på nett
Leiaren i det nyoppstarta Mållaget på Bømlo går enno lenger.

– Om det einaste argumentet er at dersom ein skriv bokmål, så tykkjer ungdommen ein er hipp og kul, så kan eg ikkje fatta og begripa det, seier Tor Gjøsæter, leiar i nyoppstarta Bømlo Mållag.

Han vil ikkje prakka nynorsk på folket, men meiner at ein må bruka den målforma ein er mest fortruleg med, uavhengig av råd frå reklamebyrå.

– Eg ser ingen problem med å skriva nynorsk og trur berre det styrkar identiteten til skulen som ligg i Sunnhordland, sjølv om byrå som Zpirit har ein fantasi om at nynorsk er gamaldags og teit.

Gjøsæter, som har ei doktorgrad i informasjonsvitskap, vil heller ikkje gå med på at det er noko problem å bli funnen på nett dersom ein skriv nynorsk. Han peikar på verkty som Levenshtein-distansen, som kjenner att ord, sjølv om ein byter om ein eller fleire bokstavar, samt nøkkelord og Google sitt synonymordverkty.

– Ein kan ikkje skriva urnynorsk, men i utgangspunktet skal det ikkje vera noko problem å bli funnen på nett sjølv om ein skriv nynorsk.

Nynorske folkehøgskular
Møre folkehøgskule nyttar begge målformer på nett, medan både Sunnmøre og Nordfjord folkehøgskule nyttar konsekvent nynorsk.

Tore Humstad, fungerande rektor ved Nordfjord folkehøgskule fortel at for dei er nynorsk tradisjon, meir enn eit strategisk val med tanke på marknadsføring.

– Me har bestemt oss for at me skal halda fast på nynorsken, fordi det er naturleg for oss som ligg i Gloppen. Eg trur heller ikkje elevane vert skremt av nynorsken, men det kan hende me stikk oss litt fram, seier den fungerande rektoren.

Folkehøgskulen har valt å ha domenenamnet sitt både på bokmål og nynorsk, slik at brukarane finn fram uansett målform. Skulen opplever i likheit med folkehøgskular i resten av landet auke i søkjartalet og har i år fylt opp skulen med 138 elevar – mange av desse bokmålsbrukarar.

Humstad har aldri høyrt at skulen har fått negative reaksjonar på målforma og reagerer på rådet om å droppa nynorsken.

– Eg tykkjer det er litt trist at dei gjev det rådet, og om det i tillegg er sant er det òg trist. Eg ville spurt om kva dokumentasjon ein har på det. Det kan vere reklamebyrået sine eigne preferansar framfor faktisk kunnskap, som ligg til grunn.

Strategisk bokmålsbyte
Steinar Hårde, konsulent i det Stord-baserte reklamebyrået Zpirit, var den som i si tid råda folkehøgskulen på Bømlo til å leggja om til bokmål.

Han fortel at målbytet i 2008 var ein del av ein strategisk plan for å redda ein skule som var nedleggingstruga på grunn av låge søkjartal. Argumentet for å byta om til bokmål var då mellom anna å få flest mogleg treff på Internett.

Han meiner kommunikasjon er overordna målform, og at det viktigaste difor er godt språk som treff målgruppa. 

– Eg har ei klar kjensle av at målgruppa til Bømlo folkehøgskule og andre folkehøgskular er ungdom i alderen 18-20 år på landsbasis. Då vert det enkel statistikk på kva hovudmål desse har og så er det berre å snakka deira språk og følgja «mainstream», sjølv om det kan vurderast som feigt, meiner Hårde. 

Likevel vart dei einige om at skulen skulle heite Bømlo folkehøgskule med «u» fordi «det trass alt er der ryggraden ligg».

Kan vere aktuelt med nytt byte
Hårde meiner no at skulen, som dei siste åra kan visa til svært gode søkjartal, kan vere tent med å bytte målform attende til nynorsk. Han vil likevel ta statistikken over kvar trafikken til nettsidene kjem ifrå nærare i augesyn, før han gjev endeleg råd. Inntrykket per i dag er at dei fleste lesarane kjem frå katalogen til folkehogskole.no.

– Målgruppa bit seg nok merke i målform, og der meiner eg at nynorsk kan vere heilt bra for Bømlo folkehøgskule med tanke på å skapa ein identitet. Det eg eventuelt vil rå dei til er å leggja seg på ei liberal, framfor konservativ linje. Det skal ikkje vere vanskeleg å forstå sjølv om dei er bokmålsbrukar, avsluttar Hårde. 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...