Heim Nyhende Kjem med vårens einaste ungdomsroman på nynorsk

Kjem med vårens einaste ungdomsroman på nynorsk

Berre éin prosent av ungdomsbøkene frå dei tre største forlaga er på nynorsk.

 

Anders Totland kjem med vårens einaste ungdomsroman på nynorsk, Engel i snøen.

– Som nynorskbrukar synest eg det er litt trist. Men som forfattar synest eg det er litt gøy – det stiller jo boka i ein unik posisjon, seier ungdomsromandebutanten.

Les intervju med Anders Totland fredag!

Boka er gjeven ut på Gyldendal. Det er første gong på minst fem år at forlaget gjev ut ei heil ungdomsbok på nynorsk.

Aschehoug har berre gjeve ut ein halv nynorsk ungdomsroman dei siste åra, Det blir pinlig uansett av Bjørn Sortland og Tyra Teodora Tronstad, der tekstane av Sortland var skrivne på nynorsk.

Det største av forlaga, Cappelen Damm, har gjeve ut tre skjønnlitterære ungdomsbøker på nynorsk sidan 2010.

– For oss er nynorsk og bokmål likestilt, men tilfanget av nye bøker er mindre, forklarer direktør for barn og unge hos Cappelen Damm, Birgit Christensen.

LES OGSÅ: Etterlyser humor i ungdomsbøker

Treng meir omsett litteratur på nynorsk
Kristin Ørjasæter, direktør for Norsk Barnebokinstitutt, er skuffa over tala.

– Viss me skal ha to likestilte skriftspråk i Noreg, så krev det at det er tilgang på litteratur på nynorsk. I debatten om nynorsk i skulen, så er det dei som tar til orde for at ein ikkje treng å læra å skriva nynorsk, men at ein kan få lesa nynorsk i staden. Men då må det jo  vera noko å lesa, kommenterer ho.

Ho meiner situasjonen er endå meir ekstrem når det gjeld sakprosa for barn og unge på nynorsk og forklarer dette med at det knapt blir omsett barne- og ungdomslitteratur til nynorsk.

Utelukkar ikkje omsetjingar
Birgit Christensen i Cappelen Damm seier at omsetjingar til nynorsk ikkje har vore tema hos dei. På spørsmål vil ho ikkje utelukka at dei kan koma med fleire omsette nynorske bøker framover.

Det høyrer med i soga at nynorskforlaget Det norske Samlaget har kome med 32 nye skjønnlitterære ungdomsbøker på nynorsk frå 2010. Seniorredaktør Ragnfrid Trohaug fortel at dei kjem med fleire ungdomsbøker til hausten.

Skald forlag har kome med to omsette ungdomsbøker dei siste åra; Jenta og April av Angelika Klüssendorf, som kom i 2013 og 2015.

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...