Heim Nyhende HiSF-døra framleis på gløtt for Volda

HiSF-døra framleis på gløtt for Volda

Styrefleirtalet i Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) vedtok torsdag å takke nei til fusjonsforhandlingar med Høgskulen i Volda (HVO), men ser ikkje vekk frå at dei kan skifte meining.

 

Mot fire stemmer vedtok styret å gå vidare med planane om ei samanslåing med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund, den såkalla Vestlandshøgskulen, som Høgskulen i Volda førebels ikkje har ønskt å vere ein del av.

– Vi har eit hjarte for Volda, og vi veit aldri. Endar vi opp med å ikkje gå saman med Bergen og Stord/Haugesund, er det ei opning for Volda, seier styreleiar Trond Ueland ved Høgskulen i Sogn og Fjordane til NRK.

Han er godt fornøgd med vedtaket, men hadde aller helst sett at Volda vart med i Vestlandshøgskulen.

– Det ville ha gitt ein komplett og god Vestlandshøgskule. Det har dei sagt sei til, seier Ueland.

HVO skal diskutere Vestlandshøgskulen

Rektor og styreleiar Johann Roppen ved HVO seier derimot at HVO ikkje har tatt stilling til om dei vil vere med i storfusjonen mellom høgskulane i Bergen, Stord/Haugesund og Sogn og Fjordane.

– I styrediskusjonen oppfatta eg at omtrent alle styremedlemmene våre som tok ordet, i beste fall var usikre på Vestlandshøgskulen, som ein litt stor og komplisert konstruksjon. Så det er ikkje slik at vi etter å ha fått nei frå Sogn og Fjordane vil hive oss rundt og melde oss på. Men det kjem sjølvsagt til å bli diskutert på det neste ordinære styremøtet, seier Roppen.

– Uheldig å seie nei

HiSF-styrerepresentant Oddmund L. Hoel stemte saman med Jan Olav Fretland og studentrepresentantane Magnus Nordrum Brøste og Trine Ludvigsen Rygg mot framlegget om å takke nei invitasjonen frå Høgskulen i Volda. Han meiner det var uheldig å seie nei til Volda.

– Det kunne ha vore ein veldig interessant konstellasjon med fusjon mellom Sogn og Fjordane og Volda. Det er to veldig like høgskular, som har veldig mykje felles. Dei ligg i Bygde-Noreg, dei har sterk nynorskbruk, og dei har ei fagsamansetjing som matchar godt, seier Hoel til NRK. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

MEST LESE

Kven er din kandidat til årets nynorskkommune?

Kultur- og likestillingsdepartementet skal kåre vinnaren av prisen «Årets nynorskkommune 2026». Prisen er på 200  000 kroner og vert delt ut annakvart år til ein...

Fleirtal for krav til nynorske læringsressursar

Stortingsrepresentant Erling Sande (Sp) har samla fleirtal for nynorskkrav til læringsressursar. No må kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) og regjeringa innfri, slik at nynorskelevane...

Festivalfunn for dei nyfikne

Det finst alltid skattar å oppdage i eit godt festivalprogram, og Festspela byr på fleire freistingar for den nyfikne. Her er nokre utvalde festivalfunn...

Strålande tilbakemeldingar for nasjonal språkkonferanse på Nynorskhuset

Sambuarane på Nynorskhuset i Førde laga til ein nasjonal språkkonferanse med «Skal vi snakke om det?». – Vi har fått utruleg masse gode tilbakemeldingar, både...