Heim Nyhende Solberg innser at regionkommunar blei for stort

Solberg innser at regionkommunar blei for stort

NPK-NTB-Anne Marjatta Gøystdal

Tida var ikkje moden for store regionkommunar, men ein ser at mange mindre kommunar ser seg tente med å slå seg saman, meiner statsminister Erna Solberg (H).

 

– Desse store kommunesamanslåingane som er diskutert mange stader, som ville ført til ein region, har fått mykje «nei». Eg trur det blei for stort for mange, seier Solberg til NTB.

Eit eksempel på eit regionsenter som no ikkje blir gjennomført, var planane om at Stavanger kunne gå saman med kommunane rundt og etablere storkommunen Nord-Jæren. Planane er truleg lagt døde etter at Sandnes og Sola stemte nei.

– Regionskommunen var meir framtidsretta. Det ville kanskje vore meir draghjelp viss vi hadde lagt ned fylkeskommunen, seier Solberg.

Erkjente at endring er krevjande

I Stortingets spørjetime blei Solberg utfordra på om ho delar optimismen til kommunalminister Jan Tore Sanners (H) når det gjeld framtida til kommunereformene.

Marit Arnstad frå Senterpartiet innleidde med å minne om at folkeavstemminga har enda med nei i 87 kommunar, ja i 26, medan 17 er enten splitta eller har fleire ulike alternativ som ikkje utan vidare kan summerast.

Arnstad merka seg også Solberg si erkjenning om regionane.

– Statsministeren må gjerne seie at tida er umoden, men ho burde også innrømme at dette ikkje er ein reform folk ønskjer, seier ho.

Senterpartiet lurte på om statsministeren delar oppfatninga om at prosessen er vellykka og utfallet som forventa.

Solberg erkjente at det er krevjande å prøve å få til forandring, og at mange innbyggjarar lettare vil søke til status quo. Samtidig viste ho til at 18 kommunar har vedteke samanslåing, og at prosessen er «på rett veg».

– Diskusjon om prosess dominerer

Uvissa rundt reforma har skapt uro, påpeikte Arbeidarpartiets Stine Renate Håheim. Ho argumenterte med at kommunane måtte finne struktur før oppgåvene var kjent, at det er tvil om regjeringa vil ta i bruk tvang og at inntektssystemet blei endra.

Håheim bad statsministeren svare på om regjeringa kunne gjort noko annleis for å skape meir entusiasme i befolkninga.

– Det kunne vore valt ulike prosessar, men det ville gjort like vondt uansett. Det er ein vond diskusjon for mange, sa Solberg, som forstår at folk kan vere bekymra for nettopp sin arbeidsplass og korleis velferdstenestene til kommunen skal organiserast.

– Eit grunnleggjande spørsmål vi må stille, er om det framover kan aksepterast at det er så vanskeleg å få til strukturendringar at vi heile tida diskuterer prosess, la ho til.

Ho avviste at regjeringa burde gjort noko annleis i arbeidet, og at det alltid vil vere element av uvisse som kommunane og befolkninga må ta omsyn til.

Kart frå Fylkesmannen

Folkeavstemmingane er berre første steg på vegen. SV peika på at regjeringa set sin lit til ordførarar og rådmenn for å køyre over resultatet når befolkninga seier nei. I siste runde er det fylkesmennene som skal kome med sine innspel til strukturen.

SVs Karin Andersen antyda at regjeringa vil bruke dette som eit fikenblad for å få viljen sin.

– Vil regjeringa kalle det for lokale innspel som dei så brukar til å slå saman med tvang, spurde ho.

Solberg stadfesta at det kan bli aktuelt med tvang i tilfelle der fleire kommunar ønsker å gå saman, men blir blokkert av éin som seier nei. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...