Norske skulebibliotek kjøper i snitt inn 1,2 bøker i året per elev. Organisasjonar ber kunnskapsministeren ta grep.
– For første gong på tre år har eg fått litt midlar til å kjøpe inn bøker, fortel ei glad Else Margrethe Solbøe.
Ho har vore skulebibliotekar ved Håvåsen skule i 17 år. Ungdomsskulen ligg i Haugesund. Ein kommune som har hatt økonomiske vanskar dei siste åra, og er på ROBEK-lista.
Solbøe kan fortelje at før vart det kjøpt inn mange fleire bøker. For to år sidan var biblioteket stengt i fleire månadar, fordi timane som var sett av til å vere skulebibliotekar vart brukte til undervisingstimar. Prioriteringa av skulebiblioteket har vore varierande.
Brev til kunnskapsministeren
18. januar sende Utdanningsforbundet, Norsk Bibliotekforening og fleire leselysorganisasjonar eit brev til kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (pdf).
I brevet peikar dei på manglande satsing på skulebibliotek og ber kunnskapsministeren vurdere korleis desse kan styrkjast.
«Skolebiblioteket blir dessverre ofte en salderingspost for rektorer og kommunepolitikere som skal få kommunenes økonomiske midler til å strekke til», skriv dei i brevet, og viser til at tilveksten av bøker per elev i grunnskulen er 1,2 bøker i året i gjennomsnitt, når ein legg saman både fag- og skjønnlitteratur.
Bak initiativet står òg Foreningen !les, Leser søker bok, Norske Barne- og Ungdomsbokforfattere, Norsk Forfattersentrum, Fagforbundet, Norsk Barnebokinstitutt, Bibliotekarforbundet, Kulturforbundet og Skolenes landsforbund.
Organisasjonane viser til at skulebiblioteka har avgrensa opningstider og ressursar. No ber dei kunnskapsministeren ta grep.
Elevane skal vere bibliotekvakter
– Utvalet er litt avgrensa. Eg har lese alt før, seier Amalie Skogstø i niande klasse ved Håvåsen skule.
Ho og klassevennina Titti Josefine Nilsen stortrivst på skulebiblioteket, men etterlyser fleire bøker. Spesielt innan skjønnlitteratur. Helst dei om spøkelse og fantasy.
Dessverre er skulebiblioteket ved Håvåsen skule ope berre fem timar i veka. Nå skal elevane sjølv byrje å vere bibliotekvakter. Dei har meld seg frivillig, og skal passe på og registrere bøker til utlån i matpausen. Amalie Skogstø er ein av dei som ønskjer å gjere ein innsats.
– Det er ganske mykje stengt her. Og så synes eg det er ein grei ting å bruke fritida mi på. Eg registrerte bøker på barneskulen også, fortel ho.
Saka held fram under biletet.
Skulebiblioteket ved Håvåsen ungdomsskule i Haugesund er ope berre fem timar i veka. Foto: Ingunn Gjærde
– Korttenkt av regjeringa
Vibeke Røgler, konstituert dagleg leiar i Foreningen !les, er uroa for den varierande kvaliteten på skulebiblioteka.
– Det er stor forskjell på kva tilbod ein har alt etter kor i landet ein bur, noko som ikkje skal ha noko å seie, seier ho.
– Så lenge lova berre seier at det skal vera eit skulebibliotek, men ikkje kva det skal vere, vil det ofte bli nedprioritert i ein pressa kommuneøkonomi. Difor er det viktig med ei lovendring – eller i det minste ei forskrift – som seier kva det skal innehalde.
Røgler meiner at ein må sjå meir på heilskapen, og at det er korttenkt av regjeringa å ikkje satse på skulebiblioteka. Ifølgje Røgler er det mykje fokus på avkoding av lesevanskar no, men ein tenkjer ikkje på at born og unge treng noko å lese i, for å få mengdetreninga som trengst.
Vibeke Røgler, konstituert dagleg leiar i Foreningen !les, meiner regjeringa ikkje ser heilskapen. Foto: Kristin Strøm
Ope og tilgjengeleg skulebibliotek
Rådgjevar i Leser søker bok, Eva Rekve, er oppteken av at alle born skal ha tilgang på gode bøker som er tilrettelagt deira nivå.
– Det er ikkje alle som vert tekne med til biblioteket av foreldra. Det skal bogne av bøker der borna er. Skulebiblioteket må vere ope og tilgjengeleg i skuletida, aller helst på skuleområdet. Og me treng gode skulebibliotekarar, som veit kva bøker som passar til kva elevar, seier Rekve.
Vidare er ho oppteken av at skulebiblioteka skal drive med aktiv litteraturformidling og at det må blir konsekvensar for kommunane og skulane som ikkje prioriterer skulebiblioteka.
Rådgjevar i Leser søker bok, Eva Rekve, meiner skulebibliotekarar er viktige for at borna skal finne litteratur som passar dei. Foto: Moment studio
Demokratisk problem
Leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Herzog, er heller ikkje i tvil om at det står for dårleg til med mange av landets skulebibliotek. Ho har nemleg gitt forfattarar på skuleturnè i oppgåve å ta bilete av skulebiblioteka dei vitjar.
– Me har heile spekteret, og mange gjer ein god jobb. Men eg tullar ikkje når eg seier at nokre berre har ein kasse med bøker. Me seier til elevane at dei må lese, men då må dei ha tilgang til bøker, seier Herzog.
Ho meiner at om unge ikkje vert lesande når dei er born, kjem dei heller ikkje til å bli det nå dei er vaksne. Lesing utviklar empati, forståing for andre og forståinga av heile samfunnet.
– Om elevar ikkje har tilgang til skulebibliotek er det ei utfordring for demokratiet, seier Herzog.
Leiar i Norsk Forfattersentrum, Ingvild Herzog, er oppteken av at born skal verte lesarar. Foto: Nina Ruud
Kommunalt ansvar
I Kunnskapsdepartementet svarar dei at den politiske leiinga må prioritere andre medieførespurnadar, og viser heller til den administrative delen av departementet.
Avdelingsdirektør i Kunnskapsdepartementet, Borghild Lindhjem-Godal, forklarar korleis ordninga fungerer i dag.
– Skulebiblioteka gir elevane viktig tilgang til informasjon, opplevingar og opplæring i digital kompetanse og nettvett. Skulebiblioteka er også ein sentral sosial møteplass i skulen. I opplæringslova står det at elevane skal ha tilgang til skulebibliotek, anten biblioteket er på skulen, eller er ligg tilknyting til eit anna bibliotek. Ansvaret for dette tilbodet, og utviklinga av det, ligg hos kommunane, seier Lindhjem-Godal i ein e-post frå departementet.