Nynorsk kultursentrum ber om forslag til kven som bør få prisen «Årets nynorskbrukar 2022». Alle som vil, kan føreslå kandidatar.
Dette er den fremste nynorskprisen og ein av få som dekkjer alle samfunnsområde. Fristen for å føreslå kandidatar er 10. februar 2022.
Prisen blir tildelt personar eller institusjonar som har synt evne til å bryte med språklege og kulturelle konvensjonar om bruk av nynorsk. Og som gjennom sitt føredøme eller praktiske arbeid gjer det lettare å vere nynorskbrukar, eller som skaper større allmenn forståing for nynorsk.
Styret i Nynorsk kultursentrum avgjer kven som får tildelinga. Prisen er på 100 000 kroner og blir delt ut kvart år på Dei nynorske festspela.
Framlegg kan sendast til post@nynorsk.no.