Heim Nyhende Nesten alt koronamateriell til kommunane er på bokmål: – Uhaldbart, seier Språkrådet

Nesten alt koronamateriell til kommunane er på bokmål: – Uhaldbart, seier Språkrådet

Viktig pandemi-informasjon frå helsestyresmaktene kjem berre på bokmål. Nynorskkommunar slit med å få ut viktig informasjon til innbyggjarane. – Uhaldbart og i strid med språklova, seier direktør Åse Wetås i Språkrådet.

Under koronaen har helsestyresmaktene hatt ei særleg viktig rolle i å få ut informasjon til innbyggjarane om den stadig skiftande situasjonen og om nasjonale og regionale koronatiltak og -reglar som har vore i kontinuerleg endring.

Men nær all informasjon frå helsestyresmaktene har kome på bokmål.

– For ei veke sidan talde eg gjennom Helsedirektoratets koronamateriell til bruk for kommunar og fylkeskommunar og fann 14 filer på nynorsk, medan det låg 703 filer på bokmål, fortel Erlend Friestad, kommunikasjonsansvarleg i Hareid kommune til Nynorsk pressekontor.

Det utgjer rundt 2 prosent, langt frå dei 25 prosentane som språklova krev at kvar målform skal vere representerte med, – rett nok over tid.

For kommunar som nyttar nynorsk som administrasjonsspråk, har de vore ei omstendeleg affære å få ut informasjonen til sine innbyggjarar.

– Det er ikkje det at me ikkje forstår bokmål, men som nynorskkommune skal me kommunisera med innbyggjarane på nynorsk i våre kanalar, seier Friestad, som snakkar på vegner av seks andre nærkommunar i Møre og Romsdal.

Helsedirektoratet sviktar nynorskkommunane, meiner Erlend Friestad, kommunikasjonsansvarleg i Hareid kommune, som snakkar på vegner av fleire nynorskkommunar. Foto: Privat / NPK

– Rein tekst kan me omsetje, og det er tidkrevjande nok, men også plakatar, banner og videoar til sosiale medium er i hovudsak på bokmål. Desse filene er ubrukelege for oss sidan dei ikkje kan redigerast, seier Friestad.

Må lage materiell sjølv

Friestad har sett seg lei på at dei må bruka tida på å laga informasjonsmateriale sjølve, når bokmålskommunane får det ferdig til å sende ut.

Han kan heller ikkje forstå kvifor Helsedirektoratet ikkje får dette til.

– Når dei først har brukt tid på å laga det grafiske eller ein videosnutt, er det ikkje mykje som står att for å få det på nynorsk. Og det må jo vera i deira interesse at materialet dei lagar også blir brukt av oss.

I 2020 hadde 90 kommunar vedtak om nynorsk som administrasjonsspråk.

På urdu, men ikkje nynorsk

Friestad påpeikar at mykje materiale finst på mange minoritetsspråk, som polsk, samisk, arabisk og urdu, men ikkje på nynorsk.

– Dette er ikkje for å setje språk opp mot kvarandre, sjølvsagt skal alle innbyggjarar få informasjon på sitt språk. Men då kan vel dei lage nynorskversjonen også? spør han.

Direktør i Språkrådet, Åse Wetås, er ikkje nøgd.

– Det er fullstendig uhaldbart. Helsedirektoratet har eit klart, objektivt ansvar. Vekslingskravet er heilt tydeleg i språklova. Målvekslinga skal skje heile tida. Det viser ein klar svikt i rutinane. Det skal ikkje skje og er ikkje i tråd med lovverket.

– Når det gjeld kommunikasjon med kommunar og materiale som er berekna på den einskilde kommunen, skal dei bruka språket som kommunen har språkvedtak om, seier ho.

Avviser kritikken

Kommunikasjonsdirektør Trine Melgård i Helsedirektoratet kommenterer kritikken slik:

– Dei siste to åra har vi jobba intenst med utvikling, produksjon og distribusjon av informasjonsmateriell om pandemien til befolkninga. Det aller meste har blitt laga både på nynorsk og bokmål, sjølv om kapasiteten, både internt og hos samarbeidspartnarar, har ført til at det stort sett er bokmål som blir ferdig først.

– Vi prøver alltid å gjere viktig informasjon tilgjengeleg på både bokmål og nynorsk så raskt som mogleg. I nokre tilfelle har vi ikkje klart dette, og då er vi veldig glade for at vi får venlege påminningar. Det er sjølvsagt ikkje bra nok at sentrale statsorgan som oss ikkje har lukkast med å nå 25 prosent-kravet. Det må vi berre beklage og gjere vårt beste for å bli betre på, seier ho.

Fekk kritikk i 2020

Helsedirektoratet har også tidlegare fått påpåkning frå Språkrådet. I ei tilbakemelding på ein rapport om målbruken i direktoratet i 2020, stod det mellom anna:

«Det er så lite nynorsk på dei nettsidene de eig og administrerer, at det er nær null. Vi finn ikkje nynorsken kor godt vi enn leitar. Det er svært alvorleg.»

I si sjølvrapportering sa Helsedirektoratet i at dei ikkje hadde tid eller ressursar til å prioritere slikt språkarbeid i verksemda. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Telemark fylkeskommune skal bruka minst 40 prosent nynorsk

– Eit godt og forpliktande vedtak, seier Noregs Mållag. Telemark fylkeskommune skal vera språkleg nøytralt og bruka minst 40 prosent nynorsk, har det nyleg blitt...

Desse endringane kan kome for nynorsken

Eit nytt spørjeord og nye kjønn på substantiv er noko av det Språkrådet har føreslått. Du har kanskje fått med deg at Språkrådet ønskjer at...

Alle nye lover bør kome på nynorsk!

Det er nynorsken sin tur til å bli favorisert i lovtekstane. Nynorskprosenten må opp. Når Stortinget vedtek ei lov, er ho skriven anten på bokmål...

NRK klarte ikkje nynorskkravet på radio og nett

NRK klarte nynorskkravet på TV, men ikkje radio og nett. Norsk Målungdom etterlyser fleire nynorskjournalistar. NRK har eit krav om 25 prosent nynorsk på kvar...