Heim Nyhende Språkrådet vil innføre bot for brot på språklova

Språkrådet vil innføre bot for brot på språklova

Språkrådet vill innføre bot for høgskular, universitet og andre i kunnskapssektoren som ikkje følgjer kravet om å veksle mellom bokmål og nynorsk.

Språkrådet førte tilsyn med 31 verksemder i 2022. Ingen av dei tilfredsstilte det lovpålagde kravet om å veksle mellom bokmål og nynorsk, skriv Khrono.

Blant desse er alle universitet og høgskular, og dessutan ei rekkje forvaltningsorgan som til dømes Forskingsrådet. I dei fleste tilfelle blir nynorsk marginalisert. Fleire av dei største forskings- og utdanningsinstitusjonane er framleis langt unna å nå det lovpålagde kravet om å bruke minst 25 prosent nynorsk.

Språklova vart innført 1. januar 2022, men har ikkje ført til endring, meiner direktør Åse Wetås i Språkrådet.

– Vi synest det er sørgjeleg at ein stat må sanksjonere mot seg sjølv. Lova i seg sjølv burde vere eit kraftig nok verkemiddel. Men vi ser ikkje at den nye språklova har ført til positiv endring. Dette handlar om meir enn at institusjonane lèt vere å bruke nynorsk. Dei gjer det vanskelegare å halde på hovudmålsetjinga i den norske språkpolitikken om at norsk skal vere samfunnsberande språk, i og med at nynorsk er ein del av det norske språket, seier ho.

Språkrådet ber no om eit møte med Kunnskapsdepartementet for å «drøfte korleis det kan bli slutt på dei systematiske brota på språklova i denne sektoren».

I tillegg meiner Språkrådet at straffetiltak må vurderast, til dømes dagbøter. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Gledeleg med viktig nynorskstøtte frå SV

SV vil prioritera fire millionar til nynorske læremiddel for vaksne innvandrarar og éin million i støtte til Noregs Mållag. – Det svært gledeleg at SV...

Leselyst, formidling, skule og bibliotek på Falturiltuseminaret

Falturiltu-seminaret samlar forfattarar, forlagsfolk, fagfolk, forskarar, studentar, lærarar, bibliotekarar og andre som jobbar med formidling av nynorsk barne- og ungdomslitteratur. Meld deg på no! Torsdag 7.11...

Startar Nynorskstafetten i Nordhordland

I år er både LNK og Nynorsk kultursentrum med Noregs Mållag på Nynorskstafetten. Sidan 2013 har Norsk Målungdom og Noregs Mållag reist rundt i landet...

På høg tid å støtta læremiddel på nynorsk for vaksne innvandrarar

Å støtta opplæring i nynorsk for vaksne innvandrarar er både eit godt disktriktstiltak og eit godt integreringstiltak. Det er eit skrikande behov for læremiddel på...