Heim Nyhende Meiner at ny opplæringslov er for dårleg

Meiner at ny opplæringslov er for dårleg

Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune meiner at framlegget til ny opplæringslov ikkje løyser utfordringa nynorskelevar har med å få læremiddel og læringsressursar på nynorsk.

Mange opplever at læremiddel og læringsressursar ikkje ligg føre på nynorsk på same tid som på bokmål, går det fram i ei pressemelding frå Vestland fylkeskommune.

– Det er uhaldbart, og det undergrev retten nynorskelevane har til å få opplæring på sitt eige skriftspråk, seier Karianne Torvanger, leiar for hovudutval for opplæring og kompetanse i pressemeldinga.

Eit samla hovudutval vedtok 25. april ein uttale der dei krev at definisjonen av læremiddel må omfamne alle læringsressursar og verktøy som er laga for eller som blir brukte i opplæringa.

Trass i at hovudutvalet er nøgde med at det i forslaget til ny opplæringslov vert føreslått å innføre krav utan vilkår om at skulane skal bruke skriveprogram som støttar både nynorsk og bokmål, meiner dei at dette ikkje er nok.

– Slik situasjonen er rundt om i norske klasserom i dag meiner hovudutvalet at det er nødvendig å lovfeste nynorskkrav til læringsressursar som er utvikla til bruk i skulen. Framlegget til ny opplæringslov tek ikkje høgde for dette slik det er lagt fram, kommenterer Alexander Fosse Andersen, medlem i hovudutval for opplæring og kompetanse og leiar for Nynorskfylket Vestland i pressemeldinga. (©NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...