Heim Nyhende Språkpolitisk verkstad under Arendalsveka: Kvar står det norske språket i 2050?

Språkpolitisk verkstad under Arendalsveka: Kvar står det norske språket i 2050?

Kva må vi gjere for å sikre eit sterkt og levande norsk språk i framtida? Under Arendalsveka inviterer Nynorsk forum til ein språkpolitisk verkstad som ser 25 år fram i tid.

Her møtest politikarar, forskarar og språkfolk for å løfte blikket og diskutere kva som faktisk skal til for å sikre framtida til både nynorsk, bokmål og norsk språk
generelt.

– Språkpolitikken i Noreg er ofte prega av kortsiktig debatt og enkeltsaker. Derfor inviterer vi ein samtale med eit større perspektiv der vi skal løfte blikket og diskutere nokre av dei mest grunnleggjande utfordringane norsk språk står overfor i åra som kjem. To tema står sentralt i diskusjonane: stoda for norsk fagspråk og dei språklege konsekvensane av makta teknologigigantane har over den digitale infrastrukturen vår, seier ordstyrar for dagen Olav Øyehaug Opsvik. Han er direktør for Nynorsk kultursentrum og sekretær for Nynorsk forum.

Både politiske og faglege røyster som er sentrale i språklandskapet deltek i debatten. Blant deltakarane er stortingsrepresentant Lise Selnes (Ap), statssekretær Marianne Wilhelmsen (Ap), språkforskarane Unn Røyneland (UiO) og Marita Kristiansen (UiB) og direktør i Språkrådet Åse Wetås. Svein Olav Langåker frå Nynorskkommunane og Peder Lofnes Hauge frå Noregs Mållag deltek også med viktige perspektiv.

Arrangementet er ope for alle, og passar for deg som er oppteken av demokrati, kultur og framtida til norsk språk. Arrangementet blir også strøymt.

Tid og stad: Måndag 11. august kl. 11.30–13.30, Kulturkammeret, Kraftverket Scene
Arrangør: Nynorsk forum

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...