– Dette er eit ledd i eit stort nasjonalt leseløft som regjeringa har tatt initiativ til. Me vil dei neste fire åra prioritere minst ein milliard kroner ekstra samanlikna med i 2025 for å betra lesedugleikane og leselysta til elevane våre. Målet vårt er klart: norske barn og unge skal bli blant dei beste lesarane i verda, seier kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding.

Kommunane kan frå i dag av søka på ein pott på 103,2 mill. kr til skulebibliotek gjennom Utdanningsdirektoratet, takka vera budsjetteinigheta med Raudt, SV, MDG og Sp. Midlane skal gå til personalressursar eller utvikling av kompetanse, for å styrka skulane sin pedagogiske bruk av biblioteka. Nytt av året er at det òg vil vera mogleg for kommunane å søkja om tilskot til å kjøpe inn bøker.

Kari Nessa Nordtun i ei pressemelding understrekar at tilskotet skal koma i tillegg til det kommunane sjølv bruker på bøker og utstyr til skulebibliotek, seier kunnskapsministeren.

Kraftig satsing på skulebibliotek sidan 2021

Regjeringa har i fleire budsjett prioritert og fått vedtatt midlar til skulebibliotek, og tilskottet er sjudobla frå 14,5 mill. kr i 2021, til 103,2 mill. kroner i 2026.

Det har vore stor interesse for skulebibliotekmidlar blant kommunane. I 2025 var det om lag 100 kommunar som søkte om midlar. Det var ein stor auke frå året før då 65 kommunar søkte. Nesten halvparten av kommunane som fekk innvilga tilskot i 2025 var anten nye søkjarar eller kommunar som tidlegare har fått avslag på søknadene sine.

Utdanningsdirektoratet behandlar søknadene frå kommunane, og har fastsett nokre krav til søknadene.

Kommunane som får tilskott for personalressursar må mellom anna ha ein plan for korleis skulebibliotek kan brukast aktivt som ein del av opplæringa. Kommunane må også forplikta seg til å delta i satsinga med eigne midlar.

Fem hovudtiltak i leseløftet

Skolebibliotek er eitt av fleire tiltak i regjeringa sitt leseløft. I 2026 vil regjeringa bruka 206 nye millionar kroner for å auka lesedugleikane til barn og unge, og skapa leselyst og leseglede. Dette kjem i tillegg til kjem i tillegg til eksisterande løyvingar, som mellom anna den nasjonale satsinga Tid for lesing, som blir vidareført. Totalt vil regjeringa bruka minst éin milliard kroner ekstra på satsinga dei neste fire åra.

Leseløftet:

  1. Fleire bøker, både i barnehagen, i skulen og i skulebiblioteka
  2. Mindre skjermbruk, særleg for dei yngste elevane
  3. Ein lesekommisjon som mellom anna skal foreslå tiltak for å styrke lesedugleikane og leselysta til barn og unge, og komme med tilrådingar om kva som gir den beste leseopplæringa
  4. Intensiv opplæring i lesing for elevar på alle trinn som strever med lesing
  5. Barn og unge skal lesa kvar dag på skulen

– Lesing er nøkkelen til det meste i livet, og målet vårt er at norske barn skal bli dei beste lesarane i verda. Da må vi gjere meir av det vi veit fungerer, samtidig som vi må tora å tenka nytt. Arbeidarparti-regjeringa er i gang med eit stort leseløft, der vi set ei klar retning for lesesatsinga i norsk skule. Alle barn skal ha høve til å bli gode lesarar, seier Nordtun.