I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt nynorsktiltak.
– Når staten no held fram storsatsinga på lesing, må dei også ta språkpolitiske omsyn. Utan å øyremerke midlar til nynorsktiltak kan ein risikere at dei store løyvingane til lesetiltak berre bidreg til endå meir lesing på bokmål, åtvarar Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag.
– Det offentlege har etter språklova eit særleg ansvar for å fremje nynorsk, men når ein ikkje stiller språkkrav, går store statlege løyvingar i realiteten til å fremje bokmål, stikk i strid med den gjeldande språkpolitikken, held Hauge fram.
– Både dei elevane som har nynorsk som hovudmål, og dei som lærer det som sidemål, treng å lese meir nynorsk. Då må det satsast meir på nynorsk, og midlane må følgje med, slår Peder Lofnes Hauge fast.
– Det må vere eit overordna prinsipp at statlege midlar bidreg til eit tilbod på både nynorsk og bokmål. Utan øyremerking risikerer me at pengane først og fremst gjer det gode tilbodet på bokmål endå betre, og gjer gapet i tilbodet mellom bokmål og nynorsk større.
Regjeringa må difor øyremerke midlar til nynorsk i leseløftet, slik at satsinga vert eit leseløft for heile Noreg – ikkje ein ny flaum av bokmål til nynorskelevar.










