Heim Nyhende Sommarsnakk med Agnes Ravatn

Sommarsnakk med Agnes Ravatn

LNK feirar sommaren med å senke skuldrane og la aktuelle røyster få sleppe til i ein liten sommarsnakk kvar måndag. Først ute er Agnes Ravatn.

 

Namn: Agnes Ravatn

Alder: 26

Jobbar som: Forfattar, og journalist i Dag og Tid.

Bruker sommaren til: Lage avis, og i heile august skal eg vere i London.

Bruker du nynorsk i blogg, Twitter, Facebook og i andre sosiale nettverk: Eg brukar nynorsk i alle skriftlege samanhengar, men i sosiale nett-nettverk held eg meg stort sett taus, og overvåkar i staden andre.

På kva område kunne nynorsken vore meir synleg: Eg ønskjer meg ei nynorsk Frid Ingulstad og eit nynorsk Se & Hør. Kvifor skal bokmålet få ha monopol på det tarvelege?

Bør aviser som ikkje tillet båe målformer som redaksjonsspråk få pressestøtte: Dersom eg svarer nei her, fjernar eg vel samstundes Dag og Tid si pressestøtte? Men svaret er nei.

Har det noko å bety for deg om bøker og aviser er på nynorsk og/eller bokmål: Så lenge språket er godt, til sitt bruk, og avsendaren får fram det han eller ho vil ha fram, er det det samme for meg.

Kvifor nynorsk: Einar Økland har skrive at slik fulle nordmenn trur dei kan snakke engelsk, trur bokmålsfolk dei kan skrive nynorsk. I den samanhengen er eg edru: eg veit eg ikkje kan skrive godt bokmål.


NYNORSK INSPIRASJON

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

MEST LESE

Meir enn doblar tilskota til skulebibliotek

Frå i dag kan kommunar søke om midlar til skulebibliotek. Regjeringa har meir enn dobla potten, frå 50 til 103,2 millionar kroner. – Dette er...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

Fleire foreldre i Rogaland vel nynorsk for borna sine

119 fleire førsteklassingar i Rogaland har nynorsk som opplæringsmål i dette skuleåret. Andelen nynorskelevar aukar blant dei yngste elevane. – Eit lurt val! seier nynorskagent...