Barn og unges bystyre i Sandnes (BUBS) har løyvd 25 000 kroner til bøker på nynorsk og engelsk til skulebiblioteka.
Line Nesvåg Nyborg og Sigri Aas Anda
Tekst og foto: Ragnhild Margretha Taranger
Line Nesvåg Nyborg frå tiande og Sigri Aas Anda frå niande klasse representerer Giske Ungdomsskule i BUBS. Det var dei som kom med forslaget som til slutt fekk den store potten på 25000 kroner.
– Vi synest det er kjekt å lese, og vi må jo dessutan lese romanar både på nynorsk og engelsk på ungdomsskulen, fortel Line.
Men det er ikkje så kjekt viss ikkje bøkene er gode, og då er det greitt å ha litt å velje mellom. På hylla i biblioteket på Giske finn dei no berre nokså barnslege bøker som Roald Dahl på engelsk, og eit svært lite utval i nynorsk litteratur.
– Det verkar som dei andre ungdomsskulane har den same situasjonen, derfor fekk vi gjennom forslaget, meiner Sigri.
Det er elevrådet som skal ut og kjøpe bøker når pengane kjem. Begge jentene har lese Drageløperen og Tusen strålende soler av Khaled Hosseini, og ønskjer seg meir av slikt til skulebiblioteket.
– Vi vil lese vaksne bøker, seier både Line og Sigri, og nemner også krim, Jo Nesbø og DaVinci-koden som eksempel på litteratur dei gjerne vil lese.
Lobbyverksemd
Dei to har argumentert hardt for saka si, først i dei innleiande rundane på skulen, der alle klassane skal kome med forslag til både saker og til kva pengane skal gå til. Det er elevrådet som til slutt bestemmer kva representantane skal meine i BUBS. Så var det å få saka gjennom i sjølve BUBS, i kamp mot alle andre gode forslag både på gruppemøte og i den endelege avstemninga.
– På prøveavstemninga sto bøkene våre likt med ein volleyballbane på ein annan skule, fortel jentene. Då måtte dei til med lobbyverksemd i pausen, og jammen greidde dei ikkje å vinne ti nye stemmer på fem minutt.
– Medlemene i gruppa vår snakka med alle barneskulerepresentantane, og argumenterte med at dei kjem og til å nyte godt av desse bøkene når dei kjem på ungdomsskulen, seier Line.
Blir høyrde
Dei unge bystyrerepresentantane føler at dei har reell innverknad når dei sit i bystyresalen og vedtek saker og løyver pengar. Ordføraren i Sandnes, Norunn Østråt Koksvik, leiar bystyremøtet også for dei unge. Dei vaksne politikarane sit på galleriet, og i spørjetimen kan BUBS stille dei spørsmål.
-I fjor tok nokon opp dei elendige toalettforholda på skulane under BUBS-møtet. Det førte til at politikarane løyvd 10 millionar til oppussing, og no er dei faktisk i gang med arbeidet her på skulen vår, fortel Sigri og Line nøgde.
Løyv pengane sjølv
Kari Lauten er norsklærar og mediateklærar på Giske Ungdomsskule. Ho synest det er kjempeflott at elevane vil ha fleire bøker å velje mellom, særlig på nynorsk.
– Det syner jo at dei har skjøna at jo meir nynorsk ein les, jo betre kan ein også skrive nynorsk. Men samstundes synest ho ikkje det er BUBS sitt ansvar å løyve pengar til lærebøker.
– Eg trudde BUBS-pengane skulle gå til utstyr som kan gjere skulekvardagen kjekkare for elevane, og at bøker til biblioteka skulle vere ein budsjettpost i det ordinære kommunebudsjettet.
Lauten synest politikarane burde ta dette behovet på alvor og løyve pengane sjølve. Likevel er Lauten imponert over innsatsen til Line og Sigri.
– Dei har gjort en kjempejobb for å få fleirtal for fleire bøker til skulebiblioteka.
Framtidsverkstad
Det er kultur og fritidsseksjonen i kommunen som administrerer BUBS. BUBS er til for at alle barn og unge i Sandnes skal ha medverknad i kommunen sin, i følgje fritidssjef Tone Strømø.
Kvart år arbeider skulane med saker som også bystyret har fokus på. I år var temaet Framtidas byar. I tillegg til tema, har BUBS óg ein pott på 100 000 kroner som dei fordeler slik dei ønskjer det.
Framtidsverkstad er ein av metodane skulane bruker for å lokke fram engasjementet hos elevane. Her blir elevane spurde om kva dei er uroa for, kva dei hadde gjort om dei fekk bestemme, og kva dei kan få til frå der dei er i dag.
– Vi prøver å fokusere på at det er mykje kvar enkelt kan gjere, sjølv om ein ikkje kan bestemme så mykje. Til dømes er det mange som er opptekne av miljøvern. Då er det viktig å tenkje at alle kan bidra med noko, som til dømes å resirkulere og vere medviten om eige forbruk, seier Strømø.
FAKTA OM BUBS:
Ein gong i året møtest barn og unges bystyre (BUBS) i Sandnes for å gje utsegner til politikarane om aktuelle saker, og for å fordele 100 000 kroner til ulike strakstiltak. 20. november bestemte det 12. BUBS at mesteparten av pengane, 25 000, skal gå til fleire bibliotekbøker på nynorsk og engelsk til alle ungdomsskulane i kommunen.