No søkjer NRK Nynorsk mediesenter etter nye praktikantar. Søknadsfristen er 15.oktober.
Særleg er dei på jakt etter folk frå Gudbrandsdalen, Valdres, Hallingdal, Telemark, Agder, Trøndelag og Nord-Noreg. Mediesenteret tek inn fem nynorskpraktikantar for opplæring og praksis i seks månader frå 4. januar 2010. Dei får lære journalistikk for radio, fjernsyn og internett og nynorsk eterspråk.
Opplæringa er svært praktisk, og skjer i hovudsak i redaksjonen til NRK Sogn og Fjordane og andre redaksjonar i NRK. Føremålet er fleire journalistar som brukar dialekt og nynorsk i etermedia.
Les meir om NRK Nynorsk mediesenter.