Nye lesebøker for ungdomsskulen inneheld vesentleg mykje mindre nynorsk etter innføringa av Kunnskapsløftet.
Dette kjem fram i ei gransking gjord av tekst- og skriveforskar Norunn Askeland, førsteamanuensis i norsk ved Høgskolen i Vestfold. Undersøkinga viser at somme skulebøker har fått redusert omfanget av nynorsktekstar til ein tredel av det det har vore.
– Granskinga tyder på at alle elevar, anten dei har nynorsk som sidemål eller hovudmål, får mindre høve til å lese nynorsk enn det dei hadde før. Nynorskelevar blir presenterte for hovudmålet sitt som om det var eit sidemål. Det er alvorleg, seier Sigfrid Tvitekkja, fagkoordinator i Språkrådet.
Fram til år 2000 var det eit krav om minst 33,3 prosent nynorsktekstar i lesebøker for elevar med bokmål som hovudmål. I dag har desse bøkene gjennomsnittleg 15,4 prosent av tekstane på nynorsk.
Kjelde: Språkrådet