Heim Nyhende TeknoLab berre på bokmål

TeknoLab berre på bokmål

 Berre éin skule har etterlyst undervisningsmateriellet TeknoLab på nynorsk.
– Gevinsten ved å ha det er større enn ulempene ved at det er på bokmål, seier assisterande rektor ved Horpestad skule, Stig Morten Breiland.

Det var foreldre ved Madlavoll skole i Stavanger som starta opp stiftinga TeknoLab. Dei hadde eit ynskje om å styrkje realfagundervisninga til elevane og fekk dermed støtte frå næringslivet til å kjøpe inn og etablere ein TeknoLab på skulen. Etter kvart spreidde dette seg til andre skular i regionen, og 31 skular i Rogaland har no TeknoLab. TeknoLab er eit foreldrestyrt prosjekt, men det er skulen som styrer bruken av utstyret.

Ein stor del av materiellet er legoklossar. Det er Mikroverkstedet AS som forhandlar legomateriellet frå Lego Danmark til skular i Noreg, deriblant TeknoLab i Rogaland. Materiellet inneheld utstyr som elevane kan bruke til forsking og løysing av tekniske problem innan fagområde som blant anna teknologi, matematikk, design og data. Mottoet for opplegget er å gi elevane ei oppgåve å løyse, meir enn eit svar å hugse.

Ynskjer nynorsk
– Så klart hadde det vore kjekt å ha dette opplegget på nynorsk, men me brukar ikkje teknolaben for å lære nynorsk, men derimot til å lære teknologi og design via praktisk undervisning. Det er viktig at elevar får meistring på andre områder enn berre den vanlege undervisninga. Me har òg opplevd at det er fleire elevar som er betre på praktiske ting enn teoretiske ting, og desse får ofte ei god meistringskjensle av arbeid i Teknolaben, seier Breiland ved Horpestad skule og legg til at han heller vil bruke kreftene på å få meir nynorsk litteratur i undervisninga.

– Og sjølv om oppgåveark og dataprogram i TeknoLab er på bokmål, så skriv elevane på nynorsk når dei svarar på spørsmåla, seier han og får støtte frå rektor ved Imsland skule, Marita Lindal Haug. Ho er også styremedlem i TeknoLab i Nord-Rogaland.

– Me ynskjer jo sjølvsagt at alt materialet skal vere på nynorsk. Men her er det dei lærer, viktigare enn språket, meiner ho.

Lindal Haug fortel også at spørsmålet om å få på plass ein nynorsk versjon er blitt diskutert i styret i TeknoLab i Nord-Rogaland, men at styret kom fram til at dette ikkje var ei av deira oppgåver. 
 
Bryt opplæringslova
Dagleg leiar i Mikroverkstedet AS, Per Jørgen Ødegaard, viser også til at det har vore liten etterspurnad etter ein nynorsk versjon av TeknoLab.

– Så langt eg veit, har me berre fått éin telefon med ynskje om å få dette på nynorsk. Eg har sjølvsagt ikkje noko i mot at dette kan bli omsett; me lagar sjølve programvare på begge målformer, og eg trur nok det er interesse for det, seier han.

Likevel legg han vekt på at kommunane må på banen og ynskje dette skal ein få det gjennomført. Til no har etterspurnaden vore for liten.

– Og dette er jo i grunnen eit spørsmål ein må ta opp med Lego i Danmark, det er jo dei som produserer materiellet, meiner han.

– Bryt de opplæringslova ved at de berre leverer dette på bokmål?

– Nei, det gjer me ikkje. Det er ikkje krav i opplæringslova om at me skal produsere dette på nynorsk.

I følgje Utdanningsdirektoratet har kommunane eit ansvar for å sikre eleven sin rett til læremiddel på eiga målform, det vil seie anten bokmål eller nynorsk.

– Bryt dermed kommunane opplæringslova?

– Det vil eg ikkje slå fast her og no i og med at eg ikkje kjenner saka. Men det er heilt klart at læremidla som kommunane skal bruke, som hovudregel skal liggje føre både på nynorsk og bokmål, slår Cathrine Børnes i Utdanningsdirektoratet fast. Kravet om språklege parallellutgåver gjeld alle læremiddel som elevane skal bruke regelmessig i opplæringa, så framt læremidla dekkjer vesentlege delar av kompetansemåla eller hovudområda i eit fag etter læreplanen.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Lærarutdanningane må ta språkansvar

Lærarutdanningane skal utdanne lærarar for heile landet, og då må alle lærarstudentar, uavhengig av fag, rustast til å vere lærarar i nynorske klasserom. Lærarutdanningane er...

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...