Heim Nyhende Satsar på språkglede

Satsar på språkglede

– Born må møte både nynorsk- og bokmålbøker i barnehagen, uavhengig av kvar dei bur i landet, seier leiar i Noregs Mållag, Håvard B. Øvregård.

– Det må lesast for borna på båe språka. Born er som svampar i sitt møte med språk, og evna deira til å ta til seg språkmangfald er større enn me vaksne trur. Vil me gje born eit betre grunnlag for språkmeistring, må me opne auga for barnehagen si rolle og verdi, seier Øvregård til nm.no.

Han legg vekt på at me møter meir og meir tekst i dagleglivet og at skrive – og lesekunne stadig blir viktigare. I år er det opp mot 300.000 barn i norske barnehagar.

– For born er skrifta ei gåte dei sakte, men sikkert løyser, utan å meine at det eine språket er betre eller verre enn hitt målet. Ei mest uendeleg lærelyst og nyfikne hjå borna er det beste utgangspunktet for all språklæring. Så lenge me vaksne ikkje spreier våre fordomar til ungane, ligg alt til rette for ei god framtid for norsk språk, slår Øvregård fast.

Noregs Mållag har no sett i gang ein barnehagekampanje der dei ynskjer samarbeid lokalt med kommunar og barnehagar. Målet er å vere med å gjere barnehagane til ein stad der grunnlaget for eit reelt tospråkleg Noreg vert lagt.   

Førre artikkelUndervisning på Facebook
Neste artikkelYnskjer samarbeid

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...