Mediemållaget reagerer på skrivefeil i journalistikkeksamen ved Høgskolen i Oslo.
Den nynorskskrivande journalistikkstudenten Andrea Øien Sæverud trudde ikkje det ho såg då ho fekk utdelt heimeeksamen i emnet Mediesamfunnet, skriv journalisten.no. Eksamen var nemleg full av skrivefeil, eit av spørsmåla var blant anna formulert slik: «Hva er dei viktigaste utfordringane Mediestøttutvalet står overfor når dei skal sjå på mediestøtta?»
– Eg las teksten fleire gonger for å sjekke om det verkeleg var så dårleg som det såg ut til. Eg måtte le samstundes som eg meinte det var trist, seier Sæverud til journalisten.no
Leiar Berit Rekve i Mediemållaget finn kjapt ti skrivefeil i oppgåveteksten, i tillegg til setningskonstruksjonar som ikkje er god nynorsk, skriv journalisten.no.
– Det er rett og slett respektlaust frå Høgskolen i Oslo si side. Studentar med nynorsk som hovudmål har krav på like gode og korrekte eksamensoppgåver som andre studentar. Eg veit at kompetansen finst ved journalistutdanninga, så dette var verkeleg ikkje naudsynt, seier Rekve.
Høgskulelektor Anders Marius Knudsen meiner dette er ein språkleg glipp og seier han forstår at studentane reagerer.