Heim Nyhende Boknatt i Fjærland

Boknatt i Fjærland

Tradisjonen tru arrangerer Bokbyen i Fjærland boknetter midtsommars, frå 25. til 27. juni.

For 150 år sidan skreiv Aamund Olavsson Vinje «Ferdaminni frå sumaren 1860». Og til Bokbyen kjem denne gongen mange skandinaviske forfattarar og artistar som ikkje er redde for å ta beina fatt, samstundes som dei ofte skildrar lokale samanhengar, slik Vinje gjorde.

Blant desse er Kjartan Fløgstad, Maria Parr, Kjersti Rorgemoen, Agnes Ravatn, Mette Moestrup, Arnhild Skre, Lise Foss og Jon Severud, som alle med eit lauseleg utgangspunkt i å skriva om og frå stader og skal bidra med sitt.

Folkefest med boksal
Laurdagskvelden blir det stor bok- og folkefest på ferjekaia i Mundal. Dit kjem først og fremst mange heilt vanlege bokinteresserte, som leiger salstelt for å selja bøker dei har til overs.

– Bokmarknaden er og blir hovudpoenget med arrangementet Boknatti. Viss du har for mykje bøker i hyllene, er det å selja dei sjølv på boknettene den beste ideen eg kan koma på, seier dagleg leiar Eivind Ødegård.

For store og små
Ødegård opplyser elles at Boknatti skal innehalde kultur- og litteraturprogram for store og små, anten dei er bokfolk eller ei. Eit døme er den grønlandske kunstnaren Jessie Kleemann, som mellom anna vil læra barna å fortelja historier gjennom å laga masker og dansa etter grønlandsk tradisjon.

Hallingen Stein Torleif Bjella held gratiskonsert på kaien, hotellet har eige mattelt, og både bokauksjonar, intervju, opplesingar og samtaler mellom forfattarar står på programmet, fortel Ødegård. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...