Heim Nyhende Spår kraftige kutt i posttenestene

Spår kraftige kutt i posttenestene

130 postkontor kan bli nedlagt og det kan gå mot postombering så sjeldan som ein dag i veka over store delar av landet, heiter det i ein rapport som tek for seg posten ti år fram i tid.

 

 – Rapporten viser paradoksalt nok at auka konkurranse gjer at posttenestene blir dyrare for staten, seier samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa til Nationen.
 
Rapporten fastslår at dersom overføringane Posten får i dag ikkje blir auka med 500 millionar kroner årleg til 2,5 milliardar kroner i året, vil tilbodet bli bygd ned til tre dagars postombering for kvar fjerde husstand, ein postdag i veka for 15 prosent av husstandane og fem for dei resterande 60 prosentane. A-post vil bli avvikla og mellom 110 og 130 postkontor vil bli lagt ned.

 Utsiktene er teikna opp av analyse- og rådgivingsbyrået Oslo Economics, som på oppdrag frå Samferdsledepartementet har teke for seg korleis Post- Noreg vil sjå ut i framtida, dersom postdirektivet til EU blir innført.

 Det er ei eventuell opning for å konkurranseutsette posttenestene også for post under 50 gram som vil svekkje inntektsgrunnlaget til Posten, heiter det i rapporten.

 Ei slik konkurranseutsetjing vil skje samstundes som papirpost blir stadig mindre aktuelt for stadig fleire: Adressert brevpost har gått ned med 30 prosent frå år 2000 til 2009, kundebesøk i postkontor har gått ned med 20 prosent sidan 2003, og dei neste ti åra blir det forventa at nedgangen held fram.

 No åtvarar Kleppa mot å innføre direktivet:

 – Dersom me vedtek å innføre direktivet, så kan det kome inn leverandørar og skumme fløyten ved at dei konkurrerer berre i dei mest lønsame delane av verksemda. Då må me betale ekstra for å oppretthalde likeverdige tenester i heile landet, seier ho. (NPK)

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...