Heim Nyhende Etterlyser kandidatar til språkpris

Etterlyser kandidatar til språkpris

Kommunal – og regionalminister Liv Signe Navarsete (Sp) oppmodar no kommunane til  å søkje om å bli Årets nynorskkommune 2010. Prisen er eit samarbeid med LNK.

– Eg  veit at mange kommunar arbeider for å styrkje nynorsken og brukar nynorsk aktivt i tenestene sine, seier ho i ei pressemelding.

Statsråden skal i haust dele ut prisen på 100.000 kroner til årets nynorskkommune. I fjor var det Stord kommune som stakk av med sigeren.

– Prisen skal gå til ein kommune som har nynorsk som formell målform og som gjennom aktiv bruk av nynorsk har gjort ein særskild innsats for å fremje nynorsk som skriftmål. Eg vonar mange nynorskkommunar melder seg og er med i konkurransen, seier Navarsete.

Kriteria er utarbeidd i samarbeid med LNK og er følgjande: aktiv bruk og synleggjering av nynorsk i kommunale planar, aktiv bruk av nynorsk i omdøme  – og informasjonsarbeid. Dette kan vere heimesider, skriftleg informasjonsmateriell til innbyggjarane, opplegg for generell marknadsføring av kommunen, til dømes gjennom kurs og anna opplæring i nynorsk eller eigne retningsliner for nynorskbruk i kommunen, god målbruk blant tilsette, marknadsføring av nynorsk i kulturarbeid og kulturarrangement og tidleg nynorskinnsats i barnehagar og skular.

I juryen sit dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, fylkestingsrepresentant i Møre og Romsdal, Gunn Berit Gjerde (V), generalsekretær i LLA, Rune Hetland, Eli Johanne Lundemo frå Kommunal – og regionaldepartementet og Sigfrid Tvitekkja frå Språkrådet . Søknadsfristen er 15.september, og prisen blir delt ut i løpet av november 2010.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...