Heim Nyhende Sommarsnakk med Nana Rise-Lynum

Sommarsnakk med Nana Rise-Lynum

Nana Rise-Lynum er redaktør og «orakel» for barn og unge i Norsk Barneblad, og svarar dagleg på spørsmål om alt frå nynorsk til kjærleik. – Det er for barn og ungdom me finst, understrekar ho.

Namn: Nana Rise-Lynum

 

Alder: 49 år

Arke: Redaktør for Norsk Barneblad

Skal bruke sommaren til: Vere saman med mannen min og dei to små barna våre, Laura 5 år og Henrik 7 år. Det blir nok mykje bading, eting av is og berre kos.

Kva er bakgrunnen for Norsk Barneblad?
Norsk Barneblad frå 1887 er truleg det eldste barnebladet i heile verda. Lærarstudenten Kristen Stalleland frå Grimstad syntest det var viktig at ungane fekk lese noko på sitt eige språk og ikkje berre på dansk. Han sette seg ned og laga Norsk Barneblad som hadde 37 tingarar til det første nummeret. Vi har ein del fleire i dag. Og det er rart å tenke på kor mange som har vakse opp saman med Norsk Barneblad gjennom 123 år.

Kor viktig er språket i jobben din?
Språket er veldig viktig både for meg personleg og ikkje minst for Norsk Barneblad. Språk er lik identitet. Eg er heilt viss på at Norsk Barneblad ikkje hadde funnest om det ikkje var for at bladet har nynorsk som språk. Berre tenk på alle andre gode blad for barn som har funnest opp igjennom tidene, men som er borte no. Det at Norsk Barneblad er på nynorsk gjer at mange føler at dei «eig» litt i oss og passar på oss og held oss i live. Det er vi veldig takksame for.

Kva språkutfordring møter du som redaktør av Norsk Barneblad?
Kva slags nynorsk skal vi bruke er eit spørsmål vi ofte stiller oss sjølve. Vi er så heldige å ha ein svært god språkvaskar og korrekturlesar som passar på at innlegg frå lesarane våre blir retta opp til ein korrekt nynorsk dei kjenner seg heime i. Det er veldig viktig at ungane som skriv inn kjenner igjen si eiga stemme. Er deira form me så blir det ikkje retta til vi, sjølv om bladet brukar vi redaksjonelt. Av og til er det eldre som skriv inn og synest vi brukar eit for moderne nynorsk, men vi skal vere eit moderne blad og språket skal spegle tida vi lever i.

Kva er målet til Norsk Barneblad?
Å gje lesarane våre gode leseopplevingar som får dei til å tenke eller smile litt. På engelsk heiter det food for thought, mat for tanke – det er eit fint mål. Vi er heile tida opne for innlegg og innspel frå lesarane våre. Det er også eit klart mål for Norsk Barneblad. Vi stiller oss heile tida på lag med ungane. Det er for dei vi finst.

Kvar er Norsk Barneblad om 10 år?
Ja, det blir det spennande å sjå. Truleg kan du lese Norsk Barneblad på lesebrettet ditt eller laste oss ned på telefonen din. Vi er nok meir tilgjengelege om ti år enn i dag. Og det er jo bra!

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...