Heim Nyhende Klar for framtida

Klar for framtida

No er nettstaden Framtida.no snart klar til å møte ungdommane.

Redaktør Svein Olav Langåker er nøgd med resultet. I byrjinga av september blir det lansering av nettavisa.

– Me har prøvd å gje han eit enkelt og moderne design som er lett for brukarane å navigera i, slik at ein finn det ein vil ha og blir freista til å lesa meir og bidra sjølv. Me vil bli oppfatta som seriøse, utan å vera kjedelege.
 
Nettavisa skal rette seg mot eit publikum mellom 15 – 25 år og er eit resultat av eit samarbeid mellom LNK og ABC Startsida, men har også Pirion, LLA, Magasinett, valprosjektet Mot til å meina og Kultur – og kyrkjedepartementet som samarbeidspartar. I tillegg kjem ei rekke aviser som skal levere innhald til nettstaden. 

Oppmodar kommunane
– Nettstaden vil innehalde artiklar som me har skrive sjølv eller ein av dei kring ti samarbeidspartnarane våre har skrive. Pluss kommentarartiklar frå dei 12 spaltistane me har avtale med. I tillegg oppmodar me brukarane våre til å skriva, og me legg opp til mykje brukarinvolvering med skrive- og biletkonkurransar, skrivestafettar og høve til å kommentera artiklar og skriva eigne innlegg. Dessutan kjem me med ein quiz som me håpar fleire vil bryna seg på, seier Langåker som viser til at ein no må arbeide for å gjere Framtida.no kjent blant fleire, slik at nettstaden får fleire lesarar og bidragsytarar.

No oppmodar han LNK-kommunane til å bruke sida, og ikkje minst til å ta kontakt dersom dei vil ha nyhende frå Framtida.no direkte inn på kommunen eller skulane sine heimesider.

– Me kan òg hjelpa kommunane med å laga eigne soner for ungdomsråda deira, slik at ungdom får ein møteplass med å koma med innspel, diskutera og røysta over og lansera nye kampsaker.

Stimulerer til debatt
– Kva håpar de nettstaden kan føre til?

– Me har fleire mål. Me vil bidra til å synleggjera og styrkja engasjementet til unge. Framtida.no er knytt opp mot LLA-prosjektet Ung & Engasjert og prosjektet Mot til å meina, som Garborgsenteret står bak, og som begge er støtta av Kommunaldepartementet for å få auka den politiske deltakinga til unge. Me vil òg styrkja nynorsken, og flesteparten av bidragsytarane og alt me skriv sjølv vil vera på nynorsk.
 
Sjølv skal Svein Olav Langåker både skrive, redigere innkome stoff og ikkje minst stimulere til at ein får ein levande debatt på sida. Med seg har han fått fleire kjende skribentar.

– Ja, me har no fått ja frå 12 kommentatorar som skal skriva for oss. Bortsett frå Are Kalvø er alle under 30 år. Blant andre skriv leiaren for Norsk Målungdom, Janne Nygård, leiaren for Natur og Ungdom, Ola S. Elvevold, nestleiar i Noregs Mållag, Jens Kihl, leiaren i Sosialistisk Ungdom, Olav Magnus Linge, leiaren frå Kristeleg Folkepartis Ungdom, Kjell Ingolf Ropstad og ei rad andre unge både med og utan verv. Og me er enno opne for å få fleire. Me har hatt ei referansegruppe på 100 ungdommar, og fleire av dei har allereie teke kontakt og sagt at dei har lyst til å skriva.

Variert innhald
Framtida.no vil ha nyhende frå både kultur, politikk, skule og jobb utifrå unge sin synsvinkel. Sakene vil ofte bli vinkla mot kva konsekvensar dei får for unge, og ein vil prøve å få tak i dei unge sine meiningar.
 
 – Stoffet me hentar frå lokalavisene vil vera stoff som òg har relevans utover lokalmiljøet. Me har òg lyst til å visa fram alt det positive som skjer i ungdomsmiljø som kan vera til inspirasjon for andre, seier Langåker.
 

NYNORSK INSPIRASJON

Faktisk.no omsette valhefte etter at skule etterlyste nynorskversjon – Utdanningsdirektoratet stiller ingen krav

Lærar Mariann Øygard Sjøvold ved Sund ungdomsskule kunne ikkje forstå kvifor dei skulle vera nøgde med valheftet frå Faktisk.no berre på bokmål. Ei knapp...

SPRÅKBRUKSPLANAR

Meir enn 30 av LNK sine medlemskommunar har vedteke eigne språkbruksplanar – eller målbruksplanar som dei ofte vart kalla før. Dei fleste planane byggjer...

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

MEST LESE

Gratis nasjonal leseaksjon på nynorsk

Tid for ti er ein nasjonal leseaksjon for elevar på 7. og 8. trinn. Elevane får utdelt ein antologi på papir med utdrag frå ti...

Statsbudsjettet: Alt ligg til rette for nynorskpakke

Alle dei raudgrøne partia foreslår no å løyve millionar til ulike nynorsktiltak i sine alternative statsbudsjett. Dette blir teke svært godt imot av Nynorsk...
LNK håpar no på at stortingsfleirtalet vil auka støtta til arbeidet for barn på nynorsk. Foto: Andreas Haldorsen/Wikipedia/CC BY-SA 4.0-lisens

Fleire parti med nynorskstøtte i alternative statsbudsjett

Alle partia som skal forhandla med Arbeidarpartiet om statsbudsjettet vil gi millionar i støtte til fleire nynorsktiltak. Alle partia på raudgrøn side har lagt fram...

Nynorskstafetten i Ryfylke og på Jæren

Nynorskstafetten er på rundreise i Rogaland i november. Noregs Mållag og Norsk Målungdom fyller opp ein stafettbil med materiell og folk i nynorskens teneste. Nynorskstafetten...