Heim Nyhende Bjørnsonstipendet til Sigmund Løvåsen

Bjørnsonstipendet til Sigmund Løvåsen

Forfattar Sigmund Løvåsen får Bjørnsonstipendet 2010.

 

– Bjørnsonstipendet 2010 er tildelt ein forfattar det er grunn til å ha betydelege forventningar til. Sigmund Løvåsen har gitt ut tre kritikarroste romanar, og vi ventar i spenning på det som skal kome, sa Randi S. Øgrey, direktør i Bokhandlerforeningen ved utdelinga av prisen. 

Øgrey legg i ei pressemelding vekt på at årets stipendvinnar er ein stilsikker forteljar som gjennom sine romanar leiar lesaren gjennom eit landskap han kjenner godt.

Sigmund Løvåsen (f. 1978) er frå Trysil. Han debuterte med romanen Nyryddinga på Samlaget i 2003, ei bok han fekk både Tarjei Vesaas» debutantpris og P2-lytternes romanpris for. Løvåsen er nestleiar i Den Norske Forfattarforening. Romanen Brakk, som kom i 2006, er ein frittståande oppfølgjar til Nyryddinga. Her møter vi igjen hovudpersonen Geir, ti år etter at Nyryddinga slutta. Begge desse bøkene er omsette til tysk og gitt ut i Sveits.

Bjørnsonstipendet er Bokhandlerforeningens forfatterstipend, oppretta i samarbeid med Den norske Forfatterforening og Bjørnsonfestivalen i Molde.
Tidligare har prisen gått til forfattarar som Karl Ove Knausgård, Johan Harstad, Carl Frode Tiller, Endre Ruset og Gunnhild Øyehaug.

NYNORSK INSPIRASJON

Digitalt miniseminar: Kva kan du gjere for nynorsk i din kommune?

Korleis bli nynorsk folkevald på 1-2-3! LNK og Noregs Mållag inviterer til digitalt miniseminar om korleis du som kommunepolitikar kan bidra til meir bruk...

Tilbyr nye kortare og tilpassa språkkurs for medlemskommunane

Klarspråk med KI og nynorsk starthjelp er blant dei nye kortare kursa som Nynorskkommunane – LNK no tilbyr i samarbeid med Fretland & Fretland. – Me...

Språkkursa våre: På saklista, klarspråk, KI – og kortare språkkurs på nynorsk

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Nynorskkommunane – LNK. Alle medlemskommunane våre får difor tilbod om årlege...

Øygarden har laga copilot-agent som skal hjelpa til med betre nynorsk

Øygarden har Copilot som KI-verktøy. No har kommunen laga ein eigen agent, Ordsmed-Ivar, som kan hjelpa dei tilsette til endå betre nynorsk språkbruk. Kommunikasjonssjef i...

Vinje kommune kursar tilsette i klarspråk på nynorsk – ser effekten allereie

Vinje kommune ynskjer å arbeida meir heilskapleg med kommunikasjon, og klarspråk er heilt sentralt i dette arbeidet, fortel Kari Omdal Tveito i Vinje kommune. –...

– Kommunane er enormt viktige for språkpolitikken

Jorunn Simonsen Thingnes og Fredrik Hope har forska på språkbruksplanane til nynorskkommunane. Dei er tydelege på kor viktige kommunane er for språket. – I utgangspunktet...

MEST LESE

– Nynorsk må vere ein del av leseløftet!

I statsbudsjettet for 2027 føreslår regjeringa å løyve 78 millionar til tiltak for auka leselyst og leseferdigheiter. Ikkje éi krone av desse er øyremerkt...

Volda er årets nynorskkommune

«Hæ, har ikkje dei vunne før?» tenkte juryen da dei såg at Volda var blant dei nominerte kommunane. Volda kommune er såpass kjend for språkarbeidet...

Skuffa over nynorsk-kutt

I framlegget til statsbudsjett har Noregs Mållag fått eit budsjettkutt på heile 775 000 kroner. – At Arbeidarpartiet skulle vere meir opptekne av skattelette enn...

Statsbudsjettet: Regjeringa overser næringslivet som språkarena

Om lag to av tre arbeidstakarar i Noreg er sysselsette i privat sektor. Likevel vil regjeringa gi null kroner til det einaste landsdekkande tiltaket...