Heim Nyhende Klar til å lenke seg fast

Klar til å lenke seg fast

Synnøve Kvamme (19) har kjempa for heimbygda si, Granvin, i fem år. Regjeringspolitikarane har ho lite til overs for.

– Det er eit stort naturinngrep dei vil setje i verk, seier Synnøve Kvamme og ser oppover fjellsidene i heimbygda.

Ho peiker utover Hardangerfjorden og viser kor kraftlina kjem til å krysse sjøen, midt mellom Granvinbygda og Kvanndal-Utne-ferja. Totalt kjem lina til å krysse fjorden, som kvart år trekkjer til seg fleire tusen turistar, tre stader.

– Kraftlinene skal gå gjennom støls- og beiteområde og mykje urørt natur, held Synnøve, som er leiar i Granvin ungdomsråd, fram.

 Møte med ministeren

Det kom som eit sjokk på henne då statsministeren kom med nyhenda 2. juli: Regjeringa var samd i å byggje massive master for å produsere og frakte straum i luftspenn frå Sima i Hardanger til Samnanger og vidare mot Bergensregionen.

– Vi blei kalla inn til eit møte med olje- og energiminister Terje Riis-Johansen så seint som i juni. Han ville då høyre fleire sider av saka. Vi blei etter dette lova ei uavhengig utgreiing om kraftsituasjonen i Bergen, fortel ho.

På møtet var hardangerordførarar, NVE og Statnett til stades. Synnøve var letta etter møtet og kjende seg endeleg høyrd. Rapporten om straumsituasjonen i Bergen skulle vere ferdig i november. Så gjekk det berre nokre få veker før ei sak som regjeringa like før hadde lova å bruke god tid på, med eitt hasta, og luftspennet blei bestemt.

Saknar heilskap
Vi kjende oss lurde. Møtet i juni var ikkje anna enn spel for galleriet slik eg ser det i ettertid, kommenterer ein skuffa ungdomsrådsleiar.

Den over seksti sider lange rapporten som kom i postkassa i samband med julivedtaket, gjorde henne ikkje mindre frustrert og fortvila over arbeidet til regjeringa.

– Der er inga heilskapleg vurdering. Alle momenta, som omsynet til naturen, friluftslivet og dyrelivet, blir vurderte isolert. Der står heller ingenting om oss som bur der linene skal gå.

 Uærlege politikarar
Eg trudde politikarar på eit så høgt nivå kunne betre, held Synnøve fram.

At regjeringa stoler så blindt på Statnett og NVE, og ikkje får uavhengig ekspertise til å granske kor kritisk det eigentleg er med straumforsyninga i Bergen, opprører henne. Ho mistenkjer Statnett og regjeringa for å blåse opp og konstruere biletet av ei krise i Bergen, tufta på nokon uvanleg kalde dagar i vestlandshovudstaden sist vinter.

– Eg trur dette handlar meir om å elektrifisere sokkelen med vasskraft og å eksportere straum til utlandet. Eg har i utgangspunktet ikkje noko imot dette, men kvifor kan ikkje politikarane vere ærlege, undrar den engasjerte ungdommen.

Kortvarig glede
At vedtaket om luftlina skulle vekkje så stor motstand frå folk både i Hardanger og i landet elles, trur ho kom uventa på politikarane. Gleda var stor, men kortvarig, i Granvin 10. august då regjeringa måtte ta eit steg tilbake og gjere nytt vedtak om utreiing av sjøkabel på delar av traseen. At dei samstundes går i gang med arbeidet med lina i Samnanger, der det uansett blir luftspenn, uroar Synnøve.

– Dei seier at dei ikkje har tid til å vente. Eg trur regjeringa kjem til å konkludere med at det vil ta for lang tid å gå for sjøkabelalternativet. Eg trur det dei no gjer, handlar om å dempe motstanden og vinne tilbake tilliten frå folk.

Splittar Hardanger
Ei løysing med kabel på delar av traseen fører samstundes til eit splitta Hardanger. Herfrå har kravet heile tida vore kabel i sjø og jord heile vegen til Samnanger, seier Synnøve. Ho trur ein samla Hardanger-opposisjon er det einaste som verkeleg kan påverke politikarane som styrer frå Oslo.

– Det viktigaste no blir å få stoppa bygginga i Samnanger. Når arbeidet der først har starta, er det for seint, seier den uredde ungdommen, som er klar for å ta i bruk lenker, om det er det som må til.

Auka miljøinteresse
No er ho på flyttefot til Bergen for å jobbe eit halvår og tene pengar til å reise ut i verda. Kampen mot mastene vil halde fram frå vestlandshovudstaden.

– Så du er ikkje redd Bergen skal bli mørklagd medan du bur der?

– Nehei.

19-åringen vurderer sjukepleiarstudier etter at jobbing og reising er gjort unna.

– Så det blir ikkje politikar av deg?

– Det må i tilfelle bli lokalpolitikar, svarer ho kjapt.

Ho har blitt skeptisk mot statusen og makta som følgjer med det å vere storpolitikar. Dei fem åra Synnøve har jobba mot kraftlinene, har lært henne mykje, både på godt og vondt.

– Eg har blitt meir samfunnsmedviten. Eg blei kasta inn i politikken i denne saka, og eg har lært mykje om korleis regjeringa jobbar og demokratiske prosessar går føre seg. Eg er diverre ikkje imponert over mykje av det eg har opplevd her. Eg har også lese ein del, mellom anna om Alta-saka, og interessa for miljø og naturvern har blitt større, seier ho.

Vil bu i Granvin
Ho er redd det same vil skje i Hardanger som i Alta, om mastene blir bygde: i ettertid kjem det fram at inngrepet ikkje var naudsynt og kunne vore unngått. Kraftlinene frå Sima til Samnanger er planlagde rett gjennom staden der ho er oppvaksen og ser for seg ei framtid.

– Eg vil bu her. Vi har eit utruleg godt miljø her. Om kraftlinene kjem, vel eg kanskje ein annan stad i Hardanger, seier Synnøve og ser oppover fjellsidene igjen.

 

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...