Heim Nyhende Vil ikkje dele ut lister

Vil ikkje dele ut lister

Camilla Ruhs fortviler over at dei ikkje får utdelt klasselister ved Bjølsen skole.

 

Rektor Arne Lillehagen ved Bjølsen skole meiner han ikkje kan gi ut klasselister med informasjon om kva språk elevane skal ha, utan samtykke frå føresette. – Det er feil, seier utdanningsetaten i Oslo kommune.

Camilla Ruhs og ektemannen ville gjerne at sonen skulle byrje i ein nynorskklasse ved Bjølsen skole i Oslo. Det skulle vise seg å ikkje bli så enkelt. Då elevane vart skrivne inn ved skulen i fjor haust, kryssa foreldra av for at dei ynskte nynorsk. I vår spurde dei kommunen om det var mogleg å få klasselister som viste kven andre av elevane ved skulane i nærleiken som skulle ha nynorsk. Der fekk dei til svar at slike lister ville dei få frå den einskilde skulen.

– Sagene og Bjølsen skule har vore heilt avvisande til å dela ut klasselister, sjølv om me har klaga. Lilleborg er den einaste skulen som har svara, seier Ruhs.

Utdanningsetaten i kommunen opplyste på si side at dei ikkje hadde fått melding om at det var nokon elevar med nynorsk for komande skuleår.

– Dei hadde ikkje registrert nokon elevar som er melde opp med nynorsk som opplæringsmål. Dei bad om orsaking då me peika på at me hadde det. Då me spurde om korleis det kunne skje, fekk me til svar at dette måtte skuldast svikt i rutinane.

Krav på lister
Rektor ved Bjølsen skole, Arne Lillehagen, meiner han ikkje har lov til å dele ut klasselister utan samtykke frå føresette, noko utdanningsetaten i Oslo kommune reagerer på. Dei meiner dette ikkje er korrekt, og legg vekt på at føresette som etterlyser desse listene, har krav på dei sidan dei er part i saka.

Kommunen seier at rektor derimot må sjå til at det ikkje er sensitiv informasjon på dei listene som blir delte ut.

Lillehagen meiner han har rapportert inn at skulen dette skuleåret har tre nynorskelevar. Dette har ikkje utdanningsetaten fått beskjed om, og dei meiner det må ha skjedd ein glipp ute i skulane. No vil kommunen bli endå tydelegare med informasjonen dei sender ut ved innskriving av nye elevar, slik at ein unngår slike situasjonar i framtida.

Treng arenaer
Camilla Ruhs er skuffa over at dei ikkje har fått meir og betre informasjon frå skulen.

– Folk må jo få lov til å velja det dei vil. Men eg trur det hadde vore bra om ein lettare kunne få kontakt med dei andre foreldra på ein skule. Når skulen nektar å gje ut kontaktinformasjonen til andre foreldre, er det ikkje lett å samla støtte om noko skulen er lunken til å få til. Faktisk så trur eg skulen kunne ha godt av å skapa arenaer der foreldra lettare kan kommunisera med kvarandre.

Lillehagen forstår at foreldre ynskjer å kartleggje om det er andre som ynskjer nynorsk, og meiner foreldremøte er ein god arena for foreldra til å ha kontakt på.

Likevel vil han ikkje no ta initiativ til å prøve å etablere ein nynorskklasse.
– Eg har rapportert inn det eg skulle, meir kan eg ikkje gjere, seier han.

Vil motivere
Ruhs meiner det er vanskeleg å slå fast kvifor det stadig blir færre nynorskelevar i byane.

– Når det gjeld vidaregåande og ungdomsskule, så kjem det vel an på kva ungdommane sjølv vil. Når det gjeld skulestartarane, så kjem det an på foreldra. Kanskje ikkje alle veit at det er mogleg. Og for dei som veit det er mogleg, så byrjar eg å skjøna kvifor dei kan gje opp, når rektorane gjer seg så vanskelege.

– Kva vil de gjere no framover?

– Prøve å motivere sonen vår til å halda på nynorsk som skriftspråk og opplæringsmål. Me har heller ikkje gjeve heilt opp nynorskklassen, men vil sjå det litt an etter kva høve som byr seg. Akkurat på vår skule ser me at me kanskje kunne klart å få det til. Me bur på Sandaker, som eigentleg soknar til Lilleborg skole. Men sidan den skulen er full, er guten vår flytta til Bjølsen, der han skal vere heilt til Sandaker skole opnar om to år. Sandaker-elevane er delte på fleire klassar, og me har hatt eit lite håp om at me kunne klara å samla nok elevar herifrå til ein klasse. Så no får me sjå.

 

NYNORSK INSPIRASJON

Tilbyr digitalt språkkurs for kommunetilsette

Øygarden kommune har utarbeidd eit digitalt språkkurs som handlar om grunnleggjande nynorsk grammatikk og oppgåver undervegs. Kurset er lagt inn i KS Læring. Deltakarane vert...

Klar med nynorskkurs for lærarar

Kurset er laga for at lærarar som skal bruka nynorsk og undervisa i nynorsk skal bli trygge nynorskbrukarar. På oppdrag frå Bergen kommune har Nynorskkommunane...

Kurstilbod for skular og barnehagar

Arbeidet for å styrkja språkopplæringa i det offentlege er ei prioritert oppgåve for Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK). Kursa våre blir administrerte og gjennomførte av Fretland...

Språklova: Dette er dei viktige paragrafane for nynorskkommunane

Frå og med 1. januar 2022 er nynorsk og bokmål formelt jamstilte og likeverdige språk på alle samfunnsområde. Formålet med lova er...

Har kommunen din levert høyringssvar om ny opplæringslov?

Arbeidet med ny opplæringslov er svært viktig for nynorskelevane og nynorskkommunane. LNK oppmodar alle medlemskommunane sine om å setja tydelege krav til...

Nytt samarbeid skal styrka nynorsken i barnehagane

Pirion og Sunnfjord kulturskule har laga til ei digital kursrekkje som skal hjelpa til med å styrkja nynorskarbeidet i barnehagane.

MEST LESE

Undersøking: Journalistar med nynorskkompetanse er mangelvare

I ei undersøking om «Nynorsk i avisene» kjem det fram at aviser som bruker begge skriftspråk er positive til meir nynorsk. Samtidig har redaktørane...

Norsk Målungdom har valt ny leiar

Sebastian Vinsent Natvik frå Alver kommune i Vestland er valt som ny leiar for Målungdommen. – Eg er veldig takksam for tilliten til landsmøtet, og...

Harselerer og hyller nynorsken i ny musikal

Are Kalvø og Ingrid Bjørnov har laga musikal inspirert av nynorsk (spynorsk) (m)ordliste og Ivar Aasen. 13. april har det satiriske stykket premiere på...

Norsk Barneblad – i takt med tida sidan 1887 – og truleg eldst i verda

Norsk Barneblad er truleg det eldste eksisterande bladet i verda for barn. Det har kome ut utan stans sidan 1887 og lever i beste...