Heim Blogg Side 28

Nynorsk næringslivspris 2020 til Arne Brimi

Nynorsk næringslivspris 2020 er tildelt kokk, gründer og forretningsmannen Arne Brimi.

– Vi er svært glade for å kunne gje Nynorsk næringslivspris til Arne Brimi. Han har gjennom mange år vorte eit ikon på bruk av dialekt, anten det er på fjernsynet eller i andre medium. Og han nyttar nynorsk i marknadsføringa si med stor suksess, seier Anders Riise, juryleiar for Nynorsk næringslivspris.

Nynorsk næringslivspris vart fyrste gong delt ut i 2006. Føremålet med prisen er å fremje innsats for og bruk av nynorsk i næringsverksemd. 

– Arne Brimi er nok mest kjend som kokk, men det er ikkje godt å skjule at også den særeigne dialekta og skriftspråket er ein viktig del av merkevara Arne Brimi.

Arne Brimi driv fleire og er engasjert i endå fleire verksemder som er tufta på mykje lokal tradisjon og berekraft. Det er då godt å sjå at Arne Brimi er oppteken av reine råvarer og tradisjonelt handverk, og at nynorsken vert ein naturleg del av denne filosofien.

– Juryen håpar at nyetablerarar og andre gründerar merkar seg dette og held fast på nynorsken, og nyttar han til sin fordel i næring og marknadsføring, seier Anders Riise.

Juryen i Noregs Mållag håpar også at prisen er til inspirasjon for Arne Brimi og folka rundt, og gjev kraft til også å nytte nynorsk i det vidare arbeidet. Det trur vi vil løne seg.

Prisen vart delt ut i Vågå i dag.

Juryen for Nynorsk næringslivspris er Anders Riise, leiar, Marianne Granheim Trøyflat, Olin Johanne Henden, Kristofer Olai Ravn Stavseng og Øystein Skjæveland.

108 ordførarar krev nynorsk for skuleelevane sine på Google

108 ordførar i fylke og kommunar med nynorskelevar har skrive brev til Google og krev nynorskversjonar av program som er mykje i bruk i skulen.

Kvart år byrjar mellom 7 000 og 8 000 førsteklassingar med nynorsk som opplæringsspråk i norsk skule. Det er over 90 000 i grunnopplæringa.

– Det er viktig for oss, som ordførarar, at desse barna skal ha like høve til å bli trygge på språket sitt og digitale ferdigheiter som andre elevar i norsk skule, seier ordførar i Stad Alfred Bjørlo i pressemeldinga.

I ei undersøking Framtida.no gjennomførte i fjor, svara fire av fem lærarar ved nynorske skular at klassen deira må bruka digitale ressursar på bokmål minst éin gong i veka – sjølv om dei kunne ønskt dei var på nynorsk.

Bergen og Stavanger støttar kravet

Blant dei 108 ordførarane som støttar oppropet er ordføraren i Bergen Marte Mjøs Persen, Stavanger-ordførar Kari Nessa Nordtun og fleire andre frå språknøytrale kommunar og nynorskkommunar.

Saman krev dei at Google har eigne språkversjonar for nynorsk av programvare og appar på:

  • G Suite for utdanning, inkludert program for tekstbehandling, rekneark, presentasjonar, kalender, videomøte og e-post
  • Google Chromebook
  • Google Classroom
  • Nynorsk rettskrivingsprogram

LES OGSÅ: Elevorganisasjonen: – Viktig at kommunane torer å investere i digitale læremiddel

Ber Google om å støtta nynorskelevane

Google er éin av to store aktørar for digital infrastruktur i grunnskulen og vidaregåande opplæring.

– Dessverre tilbyr ikkje Google nynorskversjonar av program og appar eller tilfredsstillande nynorske rettskrivingsprogram. Me vil med dette brevet oppmoda Google til å gjera det mogleg for skulane å bruka tilboda som dei tilbyd, og samstundes støtta opp om nynorskelevane, seier Alfred Bjørlo.

Initiativet til brevet er teke av mållaga i Ørsta, Volda, Stranda og Ulstein. Nynorsk kultursentrum, Noregs Mållag, Landssamanslutninga av nynorskkommunar og Nasjonalt senter for nynorsk i opplæringa har samarbeidd om å organisera oppropet.

Dei bed Google om eit samarbeid for å få nynorsk på plass i den digitale infrastukturen for skulen.


LES OGSÅ: Mållaget krev at nynorsken blir sikra i digitale læremiddel

Meir enn 200.000 kroner til nynorsk på festivalar og turnear

0

Nynorsk kultursentrum får i overkant av 200.000 kr frå Kulturdepartementet. Det vil dei bruke til å formidle nynorsk på utstililngar og arrangement.

– Dette gir oss høve til å formidle nynorsk på turnear med utstillingar og arrangement i heile landet og på festivalane våre, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum, i ei pressemelding.

Regjeringspartia delte 21. januar 2021 ut gåveforsterkingsmidlar. Nynorsk kultursentrum får desse midlane fordi Fritt Ord, Sparebank1 Søre Sunnmøre, Sparebankstiftinga Hardanger og Sparebanken Vest har gitt rause bidrag til stiftinga i 2021.

– Vi er glade for at vi har gode samarbeidspartar, både nasjonalt og lokalt, som bidreg til meir språk, kultur og kunnskap til heile landet, seier Sandsmark.

I 2021 skal Nynorsk kultursentrum arrangere Poesifestivalen i Ulvik, Litteraturdagane i Vinje og Festspela i Ørsta og Volda. Stiftinga skal òg sende ut nye utstillingar om dialekt og bibelspråk, og arrangement for både barn og vaksne, på turné til kommunar i heile landet, skriv dei i pressemeldinga.

Nytt håp for bokbåten «Epos»

0

27 kommunar på Vestlandet vil arbeide for at bokbåten «Epos» igjen skal ut på bølgjene i teneste for litteraturen.

Den tradisjonsrike bokbåten vart sett på land i fjor, til store protestar frå mange hald.

No vil kommunane teste ein desentralisert modell for eit litteraturhus på sjøen. Planen er å organisere ein litteraturfestival på den tradisjonsrike båten med formidling av litteratur, samtalar, utstillingar og utlån av litteratur.

Det er Strilabiblioteket i Alver kommune som eig pilotprosjektet, der også Kvam herad og Ullensvang kommune er med, melder Hardanger Folkeblad.

– Nedlegginga av bokbåttenesta har vore eit stort tap for kulturlivet på Vestlandet, særleg for dei små stadene langs kysten og langt inn i fjordane, skriv Strilabiblioteket i ein søknad om stønad til Fritt Ord.

Båten skal etter planen gå mellom 27. september og 25. november. Førebels har Kvam fått tildelt éin dag der båten skal liggje ved kaia i Øystese. Kommunane har sjølve ansvar for å laga program og stilla med personale.

Biblioteksjef i Kvam, Ragna Helene Soldal, seier ho er svært begeistra for prosjektet. (©NPK)

Stortingspolitikar ut mot NRK: – Trengst meir konkrete svar enn gode intensjonar

0

NRK klarte ikkje nynorskkravet for 2020. No etterlyser Tore Storehaug (KrF) og Kringkastingsringen konkret handling som sikrar auka nynorskbruk i statskanalen.

Måndag annonserte NRK at dei ikkje klarte kravet om 25 prosent nynorsk i 2020. Den endelege utrekninga synte at berre 24,2 prosent av innhaldet til NRK var på nynorsk.

Dårlegast stod det til på nett, der berre 17 prosent av innhaldet var skrive på nynorsk.

Stortingspolitikar Tore Storehaug (KrF) seier i ei pressemelding til Framtida.no at han forventar meir av statskanalen:

– Det er bra at NRK sine talspersonar seier dei tek det på alvor og vil betre seg, men her trengst det meir konkrete svar enn gode intensjonar.

– Bør sikte høgare

2019 var første – og einaste – året NRK har klart kravet, med 25,2 prosent innhald på nynorsk.

– Eg forventar meir av NRK. Tidlegare ser det ut som at ein har sikta seg inn på å klare målet hårfint. Ein bør sikte høgare enn det, seier Storehaug.

Stortingspolitikaren peikar på at NRK har sterk kompetanse på opplæring av nynorskjournalistar, mellom anna gjennom rekrutteringstiltaket Nynorsk Mediesenter i Førde, og etterlyser konkret handling:

– Når ein likevel ikkje når måla ventar eg å sjå konkrete forslag til korleis ein skal få auka nynorskbruken så ikkje denne situasjonen kjem igjen og igjen.

Kringkastingsringen: – Tilset fleire nynorskjournalistar

Kringkastingsringen meiner det er flott med krafttak, å vekkje sovande nynonorskbrukarar og å ha språkkontaktar i redaksjonane, men at desse tiltaka ikkje er nok:

Inger Johanne Ruset er leiar i Kringkastingsringen, som arbeider for språkmangfald i norske medium. Foto: Kringkastingsringen

– Det er berre éi løysing på dette: tilset fleire nynorskjournalistar, seier leiar Inger Johanne Ruset i ei pressemelding.

Ho peikar på at nynorsktala i aktualitetskanalane NRK1, P2 og P3 og på NRK.no har vore jamt låge i mange år, og at dersom NRK verkeleg vil ta grep, så er fleire nynorskjournalistar i desse kanalane den naturlege staden å starte.

Ruset registrerer at NRK-sjefen legg noko av skulda på koronaviruset, men meiner at problema stikk djupare enn som så.

– Den ekstraordinære situasjonen har heller avslørt korleis det eigentleg står til i aktualitetsprogramma og i nettredaksjonane.

Ruset peikar på at dersom det var nok nynorskjournalistar i NRK, så ville ikkje koronasituasjonen hatt så mykje å seie for nynorskprosenten, og at ein skulle tru pandemien råka språkformene nokolunde jamt.

– No ser det ut til at nynorsk er noko ein held på med på solskinsdagar og i medvind, men om det smell og buttar imot, så fell ein ned på bokmål. Eg tykkjer det er synd, seier Ruset, som lovar å ta opp problemstillinga med NRK-sjefen ved første høve.


Les også intervjuet med artist og «nynorsktalent» Synne Vo: – Eg har alltid vore den irriterande i klassen som har vore nynorskforkjempar.

Foto av Ronny Brede Aase: Gyldendal. Kollasj: Framtida.no

NRK klarte ikkje nynorskkravet i 2020: – Skuffande

0

NRK kunne juble over å ha nådd nynorskprosenten for første gong på 50 år i 2019. I 2020 svikta statskanalen igjen.

NRK annonserte måndag at dei ikkje klarte kravet om 25 prosent nynorsk i 2020.

Den endelege utrekninga syner at berre 24,2 prosent av innhaldet til NRK var på nynorsk.

– Her må vi ta rev i segla og skjerpe oss, seier kringkastingssjef Thor Gjermund Eriksen til NRK.

Kringkastingssjefen peikar på at dei mange direktesendingane knytt til koronapandemien har trekt prosenten ned, då statskanalen ikkje har nok nynorsktalande programleiarar på dei nasjonale flatene.

– Ekstra ille

Det er likevel på nett at det står dårlegast til med nynorsken hjå NRK: Berre 17 prosent av det skriftelege innhaldet til statskanalen var på nynorsk.

Det er også ein tilbakegang frå 2019, året NRK nådde det samla kravet, då nynorskdelen på nett var 18 prosent.

– Vi har gått ned frå i fjor og det er ekstra ille, seier språksjef i statskanalen, Karoline Riise Kristiansen til NRK.

Ho seier statskanalen lyt bruke meir nynorsk, og vekkje dei som har nynorskkompetanse, men ikkje er flinke nok til å bruke den.

– At vi greidde det i 2019 kan ikkje bli ståande som eit eingongstilfelle, seier Kristiansen til NRK.

Mest nynorsk er det hjå NRK 2 og NRK Super, med høvesvis 30,6 og 29,9 prosent nynorsk.

Norsk Målungdom: – Treng sjå språket sitt, også i krisetid

– Vi har forståing for at 2020 var eit heilt spesielt år, der andre ting enn språk var i fokus. Det er likevel skuffande, for nynorskbrukarane treng å sjå språket sitt, også i krisetid, seier Gunnhild Skjold, leiar i Norsk Målungdom, i ei pressemelding.

Leiar i Norsk Målungdom, Gunnhild Skjold. Foto: Frida Pernille Mikkelsen / Norsk Målungdom

Ho peikar på at det ikkje berre er i statskanalen nynorsk vart nedprioritert i fjor, og viser til at fleire universitet har nytta pandemien som ei orsaking for å ikkje gje eksamensoppgåver på nynorsk.

No forventar målungdomleiaren betring i år:

– NRK treng å ha gode nok rutinar til at dei også hugsar på nynorskansvaret sitt når det er andre ting som står i fokus. Dei rutinane håpar eg dei får på plass i 2021, seier Skjold.


Målungdommenleiar Gunnhild Skjold (t.v.), Unge Venstre-nestleiar Ane Breivik og AUF-leiar Astrid Willa Hoem er skuffa over Unge Venstre-vedtaket. Foto: Ingunn V. Steinsvåg , Unge Venstre, Bent Sønvisen/Ap

Ålesund blir medlem av LNK

Noregs største nynorskkommune har meldt seg inn i Landssamanslutninga av nynorskkommunar.

– Det er naturleg å gå inn i ein fellesskap med andre nynorskkommunar, seier Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal (Ap), og legg til:

– For oss handlar det no om nynorsken sine kår for framtida, og at vi tar den kampen nasjonalt. Eg trur det vi har gjort i Ålesund kan vera eit steg vidare i den kampen.

Etter at kommunestyret i Ålesund vedtok å gjera kommunen til ein nynorskkommune, må no statlege organ skriva til kommunen på nynorsk.

Eva Vinje Aurdal håpar òg at LNK kan vera vegvisarar på både teknologifronten og når det gjeld arbeidsmetodar, og gje gode idear og motivasjon til å koma seg vidare i språkarbeidet.

Eva Vinje Aurdal (Ap) blir ordførar i den nye Ålesund kommune. Foto: Ap
Ålesund-ordførar Eva Vinje Aurdal håpar å få mykje godt ut av medlemsskapen i LNK. Foto: Ap

– Ikkje heilt smertefritt

Det har vore stor diskusjon om språket i den no litt over eitt år gamle storkommunen på Sunnmøre. Ordføraren vedgår at det ikkje har gått heilt smertefritt for seg, og nokre tilsette i den gamle bokmålskommunen Ålesund har argumentert med at det er vanskeleg å læra seg nynorsk og at folk ville slutta.

– Då er det viktig at vi har gode støttetilbod og opplæring, seier ordføraren.

Alle medlemskommunane til LNK får nynorskkurset På sakslista gratis, og Ålesund får no tilbod om dette.

Språkbruksplan

Ålesund kommunestyre har fått ros for språkbruksplanen som kommunen vedtok i desember. Eva Vinje Aurdal seier det ligg fleire tiltak enn nynorsk i planen.– Det handlar også om klarspråk og at vi skal kommunisera meir forståeleg. understrekar ho.Kommunen skal òg laga ein plan for språkopplæring i skular og barnehagar.
No framover handlar det òg å skaffa seg programvare og verktøy som skal hjelpa kommunen til å bli ein god nynorskkommune.

Vidar Høviskeland
Vidar Høviskeland er dagleg leiar i LNK.

– Velkommen

Dagleg leiar i LNK, Vidar Høviskeland, er strålande nøgd med at Ålesund kommune no melder seg i inn i organisasjonen.

– Vi helsar Ålesund kommune velkommen som medlem i LNK. Det er viktig at nynorskkommunane står samla for å skapa positive haldningar til nynorsk språk og kultur, og at vi samstundes passar på at statlege styresmakter bidreg til å gjera det lettare å vera nynorskbrukar. Med den største nynorskkommunen som medlem står vi endå sterkare.

Sjå lista over medlemmar i LNK her!

Historisk eksamenspris blir til skrivekonkurranse for ungdom

0

Fridthiov Oos’ pris har blitt delt ut i over 100 år, og går normalt til dei beste eksamenssvara i nynorsk. Men på grunn av koronaen blir prisen no erstatta av ein nasjonal skrivekonkurranse.

Elevar under 20 år over heile landet er no inviterte til å skriva om språk i den nye skrivekonkurransen i regi av Framtida.no, Magasinett og Fridthiov Oos’ legat.

Edmund Austigard er forlagsdirektør ved Det Norske Samlaget. Foto: Samlaget
Edmund Austigard er forlagsdirektør ved Det Norske Samlaget. Foto: Samlaget

– På grunn av koronaen blei det ingen norskeksamen i fjor vår på vidaregåande. Og derfor ingen eksamenssvar å juryera. No inviterer me til skrivekonkurranse og premierer dei tre beste svara i anda til Fridthiov Oos’ legat, seier direktør i Det Norske Samlaget, Edmund Austigard.

Fridthiov Oos’ legat er forvalta av Samlaget.

Prominente prisvinnarar

Mellom tidlegare vinnarar av Fridthiov Oos’ pris er tidlegare NRK-sjef Einar Førde, nobelprisvinnar og superforskar Edvard Moser og Ottar Grepstad. Mellom prisvinnarane er det også fleire forfattarar.

– Som forlag leitar me alltid etter unge som har lyst til å skriva. Heng deg med, så kan det henda at du også endar opp med å skriva bok på Samlaget. Og har du ikkje lyst til å vera med, men likevel ambisjonar om å skriva, så ver ikkje redd for å kontakta Samlaget. Det kan vera langt fram og mange år til eit ferdig manus, men ein stad må ein starta, seier Austigard.

SJÅ DEI BESTE EKSAMENSSVARA FRÅ DEI SISTE ÅRA HER!

Ønskjer debatt om språk

Dei tre vinnarane av skrivekonkurransen får 5000 kroner kvar i premie. Elevane får tre oppgåver å velja mellom.

Her kan deltakarane velja mellom å skriva om kva nynorskroboten kan ha å seia for framtida til nynorsken, kva som må gjerast for å ta vare på dei språklege rettane til mindretalet eller skriva om endringar i dialektmangfaldet.

– Framtida.no ønskjer å vera ein viktig debattarena for unge, og eg håpar mange unge blir med på skrivekonkurransen vår, seier redaktør i Framtida.no, Svein Olav B. Langåker. I fjor sette nyhende- og debattavisa for unge rekord i talet på bidrag i skrivekonkurransar og publiserte også rekordmange debattinnlegg.

Sjå oppgåvene i skrivekonkurransen her!

Eit godt digitalt år for Nynorsk kultursentrum

0

I 2020 var det for første gong over 800.000 besøk på nettsidene til Nynorsk kultursentrum.

– Eg er glad vi har vore til stades digitalt i eit år der fysisk nærvær har vore vanskeleg, seier direktør Per Magnus Finnanger Sandsmark i Nynorsk kultursentrum i ei pressemelding.

Nynorsk kultursentrum har fast verksemd i Aasentunet i Ørsta, på Haugesenteret i Ulvik og på Vinjesenteret i Vinje. Dei driv fleire nettstadar og ein podkast og reiser kvart år rundt i heile landet med utstillingar, arrangement og turnear.

Trass i den utfordrande koronasituasjonen var Nynorsk kultursentrum til stades med utstilling eller arrangement i 54 kommunar i 2020. Vandreutstillingane hadde 1.115 framsyningsdagar i 2020. Det er nesten 100 dagar meir enn førre rekord – trass ein periode med koronastengde bibliotek.

Stor merksemd i år fekk også 17. mai-helsinga til stiftinga, der «Nordmannen» (Mellom bakkar og berg) blei presentert med ein ny video, rapp og folkekor. Både NRK, TV 2 og VGTV viste videoen med den folkekjære songen i ny drakt. Filmen er no tilgjengeleg på YouTube. (©NPK)

Slepper Tor Jonsson-samling med tidlegare upubliserte dikt

0

Torsdag er det 70 år sidan diktaren og essayisten Tor Jonsson gjekk ut av tida. Forlaget Samlaget nyutgir i det høvet ei samling – som er utvida med 50 dikt.

Samlinga har tittelen «Nærast er du når du er borte», og her finn vi dikt i utval frå dei fire samlingane han gav ut: «Mogning i mørkret», «Berg ved blått vatn», «Jarnnetter» og «Ei dagbok for mitt hjarte».

I tillegg er dikt han skreiv til avisene Dølenes Blad og Hallingdølen – og dessutan tidlegare upubliserte dikt frå privatarkivet – òg inkludert.

Tor Jonsson (1916–1951) blir rekna som ein av dei mest markante essayistane og diktarane våre, kjent mellom anna for å setje ord på sitt syn på makt og forskjellar i samfunnet.

«Sosial indignasjon går som ein raud tråd gjennom diktinga hans. Sinne og forakt overfor det tradisjonsbundne, ættedyrkande og klassedelte bygdesamfunnet er òg essensen i fleire av dei nye dikta som er tekne med her, til dømes «Skatteklage», skriv Rita Mundal i Tor Jonsson-laget, i forordet.

Jonsson skreiv i alle sjangrar, og gjorde seg – ved sida av diktarvirket – òg merkt med både skodespel og artiklar. (©NPK)

Rekordtrafikk på Framtida.no og Framtidajunior.no i 2020

Dei nynorske nettstadene for barn og unge har opplevd rekordstor bruk i 2020.

Samla var over 120.000 brukarar innom Framtidajunior.no i 2020. Det er ny rekord og auke på 34 prosent frå 2019 for den nynorske nettstaden for alle barn.

– Me opplevde ein stor vekst i vår då skulen blei digital, og talet på lesarar har halde seg høgt resten av året. Det er veldig kjekt å sjå at me når ut til så mange barn, fortel redaktør Svein Olav B. Langåker.

Nøgde lesarar

I løpet av 2020 var 877.000 brukarar innom nyhende- og debattavisa for unge Framtida.no. Det er nest høgast nokon gong. Og med ein auke i tidsbruken på 24 prosent per brukarøkt, så har brukarane til Framtida.no aldri før brukt så mykje tid på nettstaden som i 2020, ifølgje den redaksjonelle rapporten som blei lagt fram måndag.

– Det er eit medvite val å satsa meir på kvalitetsjournalistikk. Det viser seg igjen i at lesarane våre bruker lengre tid på oss. Brukarundersøkinga vår viser òg at lesarane våre er meir nøgde enn nokon gong før, seier redaktør Svein Olav B. Langåker. Over ein tredjedel av dei som svara på lesarundersøkinga gav Framtida.no terningkast seks.

Satsar vidare i 2021

Framtida.no planlegg fleire nye artikkelseriar i 2021. Avisa fekk nettopp tilsegn om støtte frå Fritt Ord til ein artikkelserie om gløymde kriser. Avisa vil òg halda fram med serien med forklarande saker; I klårtekst og serien Nesten vaksen.

– Det viktigaste løftet vårt til neste år er å dekkja stortingsvalet på ein måte som engasjerer unge. Som ein del av denne satsinga vil me invitera til debatt både på nett og i fleire bibliotek som me samarbeider med, fortel redaktør Svein Olav B. Langåker.

Framtida.no vil invitera endå fleire aviser, skular og kommunar til samarbeid, og vil arbeida for å bli endå meir brukt i skulen.

I januar startar Framtida.no kåringa av nynorsktalent me vil sjå og høyra meir av i framtida. Denne kåringa blir gjennomført i samarneid med Norsk Målungdom og Nynorsk kultursentrum.

Framtida.no og Framtidajunior.no blir drivne av Landssamanslutninga av nynorskkommunar i samarbeid med ABC Startsiden.

Les heile den redaksjonelle rapporten her!

Noregs mållag har passert 14.000 medlemmer

0

Tidlegare i år sette styret i Noregs Mållag som mål at organisasjonen i 2020 skulle få 14.000 medlemmer. No er målet nådd.

– Det er det høgste medlemstalet i Noregs Mållag på 32 år, seier leiar i Noregs Mållag, Peder Lofnes Hauge i ei pressemelding.

For ti år sidan hadde organisasjonen til samanlikning 10.068 medlemmer. Seinare har medlemstalet auka i fleire byks.

Mållagsleiaren gler seg over at milepælen no er nådd og seier dette gjev Mållaget ein styrke i kampen for nynorsken og dei norske dialektane.

– Neste år kjem regjeringa med framlegg til ny opplæringslov. Mållaget treng høge medlemstal i ryggen når vi skal kjempa for viktige gjennomslag for nynorsken, seier Peder Lofnes Hauge. (©NPK)