Ung til sinns skiftar namn. Framtida.no skal bli ein nettstad kor brukaren får vere med og styre.
Ung til sinns skiftar namn. Framtida.no skal bli ein nettstad kor brukaren får vere med og styre.
Ord må delast av og til, men ofte blir det feil.
Orddeling og særskriving minner om kvarandre, men i språklæra dreier det seg gjerne om to ulike ting.
Når det ikkje er plass til å skrive meir på ei linje, kan vi dele eit ord med bindestrek før vi skifter over til ny linje:
lin-
je
røyk-
fritt
Slik orddeling ved linjeskift er det reglar for. Det må vere minst to stavingar i eit ord for at vi kan dele det. Vi kan dele ordet ved å la éin konsonant og éin vokal gå over til neste linje (lin-je, hiks-ta, ek-sem-pel), eller vi kan dele mellom ledda i ordet (røyk-fritt, eks-emp-el).
Orddelingsfeil er t.d. «rik-savis», «hik-ste» og «ordd-eling».
Særskriving vil seie å skrive samansette ord i to eller fleire ord. Det er ein vanleg skrivefeil i dag at ord som skal skrivast i eitt, blir skrivne i to ord: «røyk fritt» i staden for «røykfritt», «kjempe bra» for «kjempebra».
Om fornorsking og dobbel konsonant
Meininga med overskrifta er å minne om skrivemåten av to ord som har komme frå engelsk. Vi har fornorska skrivemåten slik at orda endar på dobbel konsonant, ikkje på enkel konsonant som i engelsk. Dermed kan «rapp» rime på «lapp» og «napp», mens «hitt» rimar på «litt» og «ditt».
«Rapp» er einaste offisielle skrivemåten i norsk av det engelske musikkordet «rap», mens ein del andre ord har valfri enkel og dobbel konsonant: «hit(t)», «bag(g)», «plot(t)», «handikap(p)». Du finn dei rette skrivemåtane i Bokmålsordboka og Nynorskordboka.
Språkråda er henta frå www.sprakrad.no
65 prosent av befolkninga las ei eller fleire papiraviser ein gjennomsnittsdag i 2009. Dette er ein nedgang frå 68 prosent året før og føyer seg inn i ein fallande trend frå tidlegare år.
Det er brei semje om at overføring av meir spesialiserte helseoppgåver til kommunane vil bli ei vanskeleg oppgåve med den kommunestrukturen vi har i dag.
Trass i auka nynorsktilfang i NRK, er Kringkastingsringen uroa over at det er relativt lite nynorsk i barnekanalen NRK Super.
Det er sett ned ei eiga prosjektgruppe for Diktarvegen. Gruppa vert leia av Solfrid Borge som er ordførar i Ullensvang herad og styremedlem i Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK).
Olav H. Haugestiftinga i Ulvik vurderer å leggje Haugesenteret inn under Nynorsk kultursentrum i Ørsta.
Litteraturkrefter i Odda ønskjer å gjere Lindehuset og det gamle sentralbadet på smelteverket i Odda om til eit litteraturhus.
– Der ein har attraksjonar, dit kjem folk, seier Randi Bårtveit, direktør ved Norsk Vasskraft og Industristadmuseum.
Maria Parr er Årets nynorskbrukar 2010. Ho får prisen for utsøkt evne til å skape klok og sterk litteratur som gjer det mogleg for born og unge å få meir nærkontakt med nynorsk.